Hopp til innhold

Lasse fekk sjansen til å fotografere moteikon - sjå bileta her

Lasse Fløde frå Stadlandet har nyleg fotografert det verdskjende moteikonet Kate Moss. 25-åringen håpar dette kan opne for fleire moglegheiter.

Kate Moss

VERDSKJEND: Kate Moss er rekna som ein av verdas mest kjende og populære fotomodellar.

Foto: Lasse Fløde

Fløde synest fotoshooten var ei god oppleving, men passar på å skryte av dei han hadde med seg på oppdraget.

– Det var fantastisk å få jobbe med min generasjons største moteikon og verdas største modell. I tillegg hadde eg eit flott team både føre og bak kamera. Det var rett og slett ei veldig god stemning på settet, og det gjev resultat, seier Fløde.

Han fekk ein heil dag med supermodellen Kate Moss. Det resulterte i ein 15 sider lang biletserie i eit britisk motemagasin.

Har jobba med både Alaska og Paskalev

Fløde har studio i Oslo der han har jobba mykje mot artistar som blant andre Jonas Alaska og Michael Paskalev. I tillegg er han basert i London, der han tidlegare har budd fast. Han seier at det var difor han fekk oppdraget.

Lasse Fløde

KJEKT: Fotograf Lasse Fløde tykte det var ei kjekk erfaring å fotografere moteikonet.

Foto: privat

– Eg har presentert arbeidet mitt og tankane mine for folk i bransjen tidlegare og det resulterte i at eg vart spurt om å gjere denne serien med Ponystep som publikasjon, seier Fløde.

Fotografen tek utgangspunkt i portrettfotoet, med referansar og inspirasjon tilbake i tid. I tillegg seier Fløde at han har eit minimalistisk uttrykk.

– Eg finn inspirasjon i det minimalistiske, samt at mitt skandinaviske utgangspunkt i estetisk tenking er minimalistisk. Eg har den same basen uansett kva eg gjer, også innanfor mote, seier Fløde.

Er tru mot seg sjølv

Fløde seier at han alltid har hatt ei stor visuell interesse, og gjennom mediestudiar oppdaga han fotografiet sine moglegheiter.

– Fotografering var ikkje berre noko eg likte, men også ein arena der eg kunne vise meistring. Det gjorde at eg bestemte meg for å gå vidare i den retninga, også etter kvart som yrke, seier Fløde.

Kate Moss

SUPERMODELL: Britiske Kate Moss vart oppdaga allereie som 14-åring. 40-åringen er framleis ein av dei mest populære fotomodellane i verda.

Foto: Lasse Fløde

Gjennom tida han hadde som lærling oppdaga Fløde kor mykje arbeid det ligg i å ha fotografering som yrke. Han understrekar at det handlar om å levere når ein først kan.

– I ei tid kor foto er blitt så tilgjengeleg for alle, er det lett å undervurdere. Det er viktig å vere tru mot kva ein ynskjer å gjere og levere når ein får moglegheita, seier Fløde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fotoshoot Kate Moss

MINIMALISTISK: Fotograf Lasse Fløde finn inspirasjon i det minimalistiske.

Foto: Lasse Fløde

Er spent på kva som dukkar opp no

25-åringen har merka effektane av eit slikt oppdrag og har opplevd auka interesse for han som fotograf. Men Fløde vil ikkje seie noko konkret om kva som skjer i næraste framtid.

– Det blir alltid nysgjerrigheit rundt ein når slikt dukkar opp, og det blir spanande å sjå kva som skjer framover, seier Fløde.

Sjølv om han no har fått vist fram arbeidet sitt, understrekar han at det framleis er hardt arbeid som tel.

– Ein har alltid draumar og mål som ein ynskjer å oppnå, folk ein vil jobbe med og stadar ein vil sjå arbeidet sitt. Men det skjer ikkje av seg sjølv, det er ein knalltøff bransje, seier Fløde.