Hopp til innhold

Lar robotar ta over bankjobben

Robotar gjer no sitt inntog i Sparebanken Sogn og Fjordane.

No får dei hjelp av bankrobotar

FÅR HJELP AV ROBOTAR: Reiel Haugland og Arne Solheim i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Du tenker kanskje på robotar som metallklumpar med armar og bein. Men bankrobotane er faktisk berre dataprogram som gjer oppgåver menneske tidlegare har gjort.

– For å gi eit døme, la oss seie at ein kunderådgjevar sluttar hjå oss. Tidlegare vart kundane då flytta manuelt til ein ny kunderdågjevar. Dette vart gjerne gjort langs med andre oppgåver, og det kunne hende at kundar blei feilplasserte. No gir vi roboten eit exel-ark, og så er jobben gjort i løpet av eit par timar, utan at kunden merkar noko, seier Reiel Haugland, som er fagsjef for forretningsutvikling.

Digitale medarbeidarar

Framfor to store skjermar på eit lite kontor i banken i Førde kan dei styre og følgje med på robotane sin jobb.

– Det er eigentleg ei datamaskin som gjer ein jobb på same måte som ein person ville ha gjort det, seier Arne Solheim.

– Du legg inn ein ordre og så ordnar roboten resten?

– På førehand fortel du roboten at her er startknappen, her er eit søkefelt der du skal legge inn informasjon. Så kan du fortelje den at i søkefeltet der skal den legge inn til dømes kundenummer. Ein kan trene dei opp til å gjere ulike førehandsdefinerte oppgåver, seier Solheim.

Krav om raskare tenester

Når Sparebanken Sogn og Fjordane no har fått seg nokre nye, men ganske spesielle medarbeidarar er det for tilby kundane betre tenester.

– Vi tilpassar oss framtida. Kundane har større krav til tempo og brukarvenlegheit. Som kundar vil vi gjerne få gjort ting når vi ynskjer å gjere det, og utan å måtte tenke for mykje på det, seier Haugland.

Marie Heieren

FRYKTAR IKKJE ROBOTANE: Marie Heieren er kunderådgjevar og tillitsvald i banken.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Dei tilsette i banken er ikkje redde for at dei digitale medarbeidarane skal stele jobbane deira. Det seier kunderådgjevar og tillitsvald i banken, Marie Heieren.

– Eg trur dei tilsette er positive og ynskjer å vere med å utvikle banken. Med robotane så kan ein få frigjort tid til å jobbe med kundane, seier Heieren.

Og ifølgje påtroppande administrerande direktør, Trond Teigene, har dei tilsette grunn til å slappe av. I staden for at dette fører til nedskjeringar er det heller slik at det å halde følgje på teknologien gjer at dei kan behalde stillingane dei har, samt skape nye, seier han.

Fleire vil ha robotar

Også fleire bankar i fylket er no i ferd med å «tilsette» robotar. I første kvartal neste år kjem den første roboten til Sparebanken Vest.

– Det betyr at ein god del arbeidsoppgåver no blir automatiserte. Til dømes når du endrar betalingsdato på lånet ditt i nettbanken. Det ser ut som det skjer automatisk, men er ei oppgåve som vert gjort manuelt i etterkant, seier Olav Hjelle, som er regionbanksjef i Sparebanken Vest Sogn og Fjordane.

– Og eg som trudde dette skjedde automatisk allereie i dag?

Olav Hjelle, regionbanksjef i Sparebanken Vest Sogn og Fjordane

VIL OGSÅ HA ROBOT: er regionbanksjef i Sparebanken Vest Sogn og Fjordane.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Nei, det gjer nok ikkje det. Det er ein god del manuelle operasjonar som skjer i etterkant. Og det er slike oppgåver vi ynskjer å overlate til robotane.

– Kva med dei tilsette?

– Vi kan gjere desse oppgåvene med mindre ressursar, men samstundes så prøver vi å ta vare på dei tilsette. Vi prøver å utvikle nye jobbar å tilby dei tilsette. Ikkje minst treng vi ein ny type kompetanse innan IT og IT-utvikling seier Hjelle.