Hopp til innhold

Lånte bort bilen til full kompis

Ein mann i 30-åra er tiltalt for både promillekøyring og for å ha lånt bort bilen sin til ein kamerat som også køyrde med promille i blodet. Bilturen enda med utforkøyring og skader på bilen. Blodprøve som blei teken av kameraten ei stund etter køyreturen, viste ein promille på 2,46. Bileigaren køyrde også same kvelden og her viste blodprøven ein promille på 1,97.