NRK Meny

Langt frå målet

Det er store forskjellar mellom kommunane når det gjeld kor lang tid ambulansen brukar på å rykke ut på akutte oppdrag, syner ei oversikt som Bergens Tidende har laga. For 16 år sidan vedtok Stortinget at målet skulle vere 12 minutt i byane, og 25 minutt i grisgrendte strok. I Sogn og Fjordane er det berre åtte kommunar som kjem under kravet på 25 minutt. Lengst må ein vente på ambulanse i Gulen, der responstida er 55 minutt.

Ambulansar i Førde
Foto: Rune Fossum / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.