Hopp til innhold

Landslagskeeperen operert i Førde

Keeper på det norske handballandslaget, Silje Solberg, fekk ikkje det treningsopphaldet ho hadde rekna med på Sandane.

silje solberg

OPERERT: Landslagskeeper Silje Solberg vart operert for akutt blindtarmbetennelse i Førde.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Natt til onsdag fekk ho smerter i magen i senga på Gloppen Hotell. Langslaget har med seg sin eigen medisinske ansvarlege på treningsamlinga, Janne Oppheim Søllesvik. Ho vurderte symptoma til å vere akutt blindtarmbetennelse.

Dermed gjekk turen til Førde Sentralsjukehus, der Silje Solberg vart operert onsdag kveld.

– Silje fekk svært god oppfølging på sjukehuset, og operasjonen var vellukka. Ho har det etter tilhøva bra, men må ta det med ro i minst to veker framover, seier Janne Oppheim Søllesvik i ei pressemelding som Olympiatoppen har sendt ut.