Hopp til innhold

Lampe hang ned frå taket – stengde Gudvangatunnelen

Problem med ei lampe førte til stenging og kolonnekøyring gjennom Gudvangatunnelen tysdag kveld.

Gudvangatunnelen

STENGT: Fram til trafikkdirigentar kjem til staden.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Klokka 23 meldte politiet at det er kolonnekøyring med følgjebil gjennom tunnelen.

Vegvesenet opplyste først at E39 ville vere stengt ved Gudvangatunnelen mellom ein halv og ein time, men problema inne i tunnelen førte til stenging frå klokka 21.30 til 23.00.

– Det heng lysarmatur ned frå taket. Det må sikrast før vi kan sleppe trafikk inn, seier Hanne Nordheim ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Folk med elektrisk kompetanse vart tilkalla for å fikse problema i tunnelen. Klokka 01.11 meldte Vegvesenet at tunnelen var open for trafikk.

For oppdaterte meldingar sjekk NRK Trafikk eller vegvesen.no