Slagsider av små lam
Kjøpt av lår og bog
20 gram salt per kilo kjøt
3 gram krydder, som allehånde eller nellik, per kilo kjøt
3 gram peppar
Litt gelantin
Kjøp slagsider av lam og legg dei i saltlake over natta. Du treng ein del salt i vatnet og for å finne ut om du har hatt nok i, kan du bruke eit lite "potettriks". Når ei skrella potet flyt opp når du slepp henne ned i laken, er den passeleg salt.
Legg skalgsida utover bordet og fyll på med ferdig krydra tynne kjøtskrimlar av lår og bog. Rull det heile saman til ei pølse og sy i hop med nål og tråd.
Lammerullen pakkast godt inn i eit kjøkenhandkle og skal koke i circa 3,5 timar på 90-95 grader. Viss lammerullen fosskokar har den lett for å sprekke. Lat rullen stå kjøleg til neste dag før du byrjar og skjere i den.