Hopp til innhold

Lam av lynet - no satsar han på vasski-VM

Etter at Glenn Poulsen sakte, men sikkert har måtte akseptere eit liv i rullestol, har idrettskarrieren teke av. No går han for verdsmeistertittel i vasski.

Glenn Poulsen

DRØYMER OM EDELT METALL: Glenn Poulsen har eit håp om å ta medalje under VM i USA til hausten,

Foto: Privat

– Eg har vore bitter og rullestolen var ikkje akkurat bestevenen min i starten. Men etter kvart har eg lært meg å akseptere situasjonen min, seier Glenn Poulsen frå Årdal.

Lynet slo ned på arbeid

I 2002 var han på arbeid som murar då lynet slo ned i han, skriv porten.no . Og det var starten på stadig svekka funksjonsevne i beina. I tillegg har ein gjennom utgreiingar funne fleire medfødde ryggmergsskadar. No er han nesten heilt lam, og må bruke rullestol for å kome seg rundt. Men det hindrar han ikkje i å stå på vasski.

– Eg sit jo når eg står for å seie det slik, ler han.

Og det er fart på brettet når han deltek i konkurranse. I 90 kilometer i timen er det mykje som skal stemme for at ikkje noko skal gå gale.

Eit kick utanom det vanlege

– Det er klart at det ligg mykje trening bak. Men ingenting slår det kicket når du fyk over hoppkanten i den farten, seier han.

Han kom til Årdal frå Oslo i 2005, og har sidan blitt. Men å trene til vasskimeisterskap i kalde fjordar er ikkje alltid like lett.

– Eg trenar mest styrke her, og må reise vekk om eg skal få skikkeleg trening i vatn, seier han.

Han fortel at noko av det sterkaste med å få vere med på landslaget og reise på meisterskap, er å sjå andre utøvarar og kva dei meistrar med sine handikap.

Har ein draum om VM-medalje

– Det er fantastisk at folk klarer å stå på ski utan å sjå eit fnugg, eller at folk som er lam i halve kroppen likevel køyrer på og klarer å levere.

For han sjølv har det vore viktig å få kjensla av å klare noko.

– Det beste er vel at eg endeleg er flink i noko igjen. Kjensla av å meistre noko er viktig. Det er kanskje det viktigaste, seier Poulsen.

Han fortel at alt av ski og utstyr er spesiallagd, så det er ein dyr sport.

– Utstyr blir øydelagt, ski ryk og må bytast ut, seier han,

No ventar USA og draumen om ein VM-medalje til hausten.

– Det hadde vore heilt fantastisk, seier han.