Hopp til innhold

Låg død i heimen i fleire veker

Ein mann i 60-åra vart fredag funnen død i ein kommunal bustad i Florø. Truleg har han lege der i ein månad utan at nokon har visst om det. Kommunen vedgår at dei har hatt ein rutinesvikt.

Mann funnen død i kommunal bustad i florø

FANN DØD MANN: I ein kommunal bustad i dette bygget fann politiet ein død mann som truleg har lege der i minst ein månad før det blei oppdaga.

Foto: Malene Indrebø-Langlo / Firdaposten

Ifølgje Firdaposten, som først skreiv om saka, fekk politiet ei uromelding på fredag, og rykka ut til bustaden i Furtun i Florø. Då dei fann den døde mannen kontakta dei eit gravferdsbyrå. Dei måtte vere fleire for å bere mannen ut av leilegheita, skriv avisa. Leilegheita skal ha vore full av søppel, matrestar og gamle aviser.

Mannen er no sendt til obduksjon og politistasjonssjef i Florø, Robert Veseth, seier til Firdaposten at det ikkje er mistanke om at noko kriminelt har skjedd.

Fekk ikkje på plass vikar

To gonger i månaden har mannen fått tilsyn av tilsette i kommunen, men ein svikt hos kommunen førte til at besøka stogga i starten av mai.

– Då gjekk personen som hadde fast tilsyn med denne mannen, ut i sjukemelding. Etter det har det vore ein rutinesvikt som har ført til at det ikkje har blitt sett inn nokon ny som gjekk på dei faste tilsynsbesøka, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Florø kommune, Norunn Stavø, til NRK.

Ho seier at kommunen jobbar med å rydde opp etter svikten.

– Problemet er at det ikkje blei fanga opp at vi måtte få på plass vikar, og det er veldig beklageleg. Det må kommunen rydde opp i. Vi går nøye gjennom rutinane våre for å sikre at dette ikkje skjer igjen. Det er veldig uheldig og det skal ikkje skje, seier Stavø.

Ville ikkje ha tilsyn

Likevel fortel ho at det ikkje er fullt så enkelt i alle saker. Mannen i 60-åra budde åleine og ønskte ikkje hjelp frå kommunen. Så lenge mannen ikkje var umyndiggjort var det lite kommunen kunne gjere når han ikkje ville sleppe dei inn, seier Stavø.

– Veldig ofte når vi var på tilsynsbesøk vart ikkje døra opna, det vart ikkje gjeve respons, men likevel så var vi innom to gonger i månaden. Utfordringa er at vi ikkje kan tvinge oss på, seier kommunalsjefen.

Etter den informasjonen Stavø har fått er det snakk om at mannen kan ha vore død i ein månad utan at nokon har visst om det. Familien er varsla.