Hopp til innhold

Lærer livreddande førstehjelp på eige morsmål

Tysdag fekk flyktningar i Førde delta på førstehjelpskurs der undervisninga gjekk føre seg på deira eige morsmål. Pål Dahl i Raudekrossen Førde trur det kan redde liv.

I Førde får syriske flyktningar læra førstehjelp på arabisk.

SYRIA: Det var syriske flyktningar som tysdag fekk opplæring i førstehjelp på sitt eige morsmål.

Adam Dean

LETTARE: Adam Dean trur det blir lettare for flyktningar å lære seg førstehjelp når dei får undervisning på morsmålet sitt.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Eg vil hjelpe andre flyktningar. Førstehjelp er viktig og det er lettare for mange flyktningar om dei kan få opplæring i det på morsmålet sitt, seier Adam Dean. Han er sjølv flyktning frå Syria og aktiv i Raudekrossen i Førde.

Dean var ein av dei som tysdag var instruktør og lærte flyktningar førstehjelp på deira eige morsmål. Prosjektet er eit samarbeid mellom Raudekrossen og norsksenteret i Førde. Programrådgjevar ved norsksenteret, Karen Eide, fortel at kurset også skal auke integreringa.

Karen Eide

HJARTESPRÅK: Karen Eide ved norsksenteret i Førde meiner det å lære og forstå noko med dei orda ein kan frå før er viktig. Då kjem dei norske orda etter kvart, meiner ho.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Når vi kan det same, blir vi og styrka og stiller likt. Det handlar om gi folk trua på seg sjølv. Det er noko med hjartespråket, og å kunne forstå det med dei orda ein kan frå før. Så lærer ein norske ord for det etter kvart.

Når fleire

Pål Dahl

NYTTIG: Pål Dahl synest det er nyttig å ha instruktørar som kan morsmålet til kursdeltakarane, han trur det gir større læringsutbytte.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

15 000 flyktningar skal busetjast i Noreg i år, dei fleste av dei kjem frå Syria. Korpsleiar i Raudekrossen i Førde, Pål Dahl, seier at det då er nyttig med ein lærar som snakkar arabisk.

– Han kan formidle stoffet betre enn oss andre, og han kan forstå spørsmåla betre enn det vi gjer med tolk. Eg trur vi når nye grupper og får fleire med oss. Læringsutbyttet for dei som deltek blir nok og større, eg trur dette kan vere med på å redde liv.