FrP-leiar i Lærdal, Vidar Kvigne, seier mange i bygda er skeptiske til venskapet, og at ein no difor bør vurdere samarbeidet på nytt.
Det er i eit lesarbrev Frp-formannen tek til orde for at kommunen bør vurdere å seia opp vennskapsavtalen med Jeriko. Bakgrunnen er først og fremst at det er mykje konflikt i området, og på den måten meiner Kvigne det er få som kan ha noko venskapeleg kontakt med byen i form av besøk der.
Yassir Arafat møtte lærdalsordføraren i Jeriko.
Vil ha folkerøysting
Han seier også at folk han har snakka med i Lærdal ikkje er så veldig glade i avtalen, og at dei deler synet hans. Kvigne vil difor ha folkerøysting om venskapet skal halde fram.
Leiar i styret for venskapsavtalen og varaordførar for SV i Lærdal, Anna Avdem, er heilt usamd med Kvigne. Ho meiner det ikkje går an å seia opp eit venskap sjølv om venskapskommunen ligg i det som har blitt eit konfliktområde. - Ein forlet ikkje venene sine når dei kjem i vanskar, seier ho.
Mange er i sving
Avdem er heller ikkje sikker på at det er så mange som er i mot avtalen. Ho viser til at det er fem grupper i sving for å førebu kulturutveksling mellom Jeriko og Lærdal i nær framtid. Dessuten kostar avtalen kommunen svært lite.
Anna Avdem i venskapskomitéen i Lærdal er ikkje i tvil om at venskapet bør halde fram. (Foto: NRK)
Etter Oslo-avtalen
Venskapsavtalen med Jeriko kom i stand då Noreg sto i sentrum i verdspolitikken på slutten av 90-talet. Den mykje omtala Oslo-avtalen blei underteikna og i Midausten og verda elles var optimismen veksande. Det var eit håp om at det endeleg kunne bli fred i området. På same tid kom Venke Aarethun frå Lærdal på bana. Ho er kanskje mest kjend som leiar for Palestinakomiteen. Aarethun møtte opp i formannskapet i Lærdal og spurte om kommunen hadde vurdert å skaffe seg ein venskapsby.
Drog til Jeriko
Ikkje lenge etter sette eit samla formannskap i Lærdal seg på flyet med kurs for den palestinske byen Jeriko. Med eitt var venskapet eit faktum, og i 1997 vart venskapsavtalen mellom Lærdal og Jeriko underteikna. Ikkje lenge etter fekk Lærdal ei eiga gate oppkalla etter seg i Jeriko og ordføraren fekk møte PLO-leiaren, sjølvaste Yassir Arafat.
Den norske venen vart utan tvil godt motteken i Jeriko. I fjor sommar vart Lærdal Park opna i ein av dei fattigaste delane av Jeriko. Til sommaren er ein delegasjon frå Jeriko venta til Lærdal, til det som skal bli ein kulturfestival.
Vanskelegare å pleie
Men det er ikkje tvil om at venskapet er blitt vanskelegare å pleie. Optimismen som eksisterte i Jeriko og Midtausten, då avtalen vart underteikna, er for lengst vekke. I dag er situasjonen verre enn på lenge, og få ser ei fredeleg løysing i sikte. Det har fått Frp-formann Vidar Kvigne til å stille spørsmålet; kva skal ein med ein ven som ein aldri kan besøke? Og kvifor ikkje velje seg ein venskapsby litt nærmare som folk kan besøke?
Venke Aarethun tok initiativet til venskapet.
Kan besøke
Anna Avdem svarar at det er fullt mogleg å besøke Jeriko, og at det også blir gjort. I sjølve Jeriko er det fredeleg, seier ho, sjølv om det er uro i andre deler av Palestina. Avdem viser også til at det er fantastisk å ha ein venskapsby med kulturar som går 10.000 år tilbake i tida.