Hopp til innhold

Sparer småpengar på å parkere privat

I sommar opna SFE ein ladestasjon for elbilar i Sandane sentrum. Likevel vart parkeringsplassen til Anne-Pia Nygård okkupert av ein elbil som vart lada frå Sandane Senter.

Elbil-lading utanfor ladestasjon

LIKE VED LADESTASJONEN: Elbilen vart lada nokre få meter frå den flotte ladestasjonen SFE sette opp i sommar (i bakgrunnen).

Foto: Anne-Pia Nygård

Ho og mannen hadde vore på tur for nokre veker sida og skulle sette bilen frå seg på parkeringsplassen som er markert med deira bilnummer.

– Vi kom heimatt i sekstida om ettermiddagen. Heile parkeringsplassen var tom bortsett frå to bilar, og den eine av dei stod på min private parkeringsplass som er merka.

Anne-Pia Nygård

- TOPPEN AV FREKKHEIT: Anne-Pia Nygård.

Foto: privat

Då ho såg at det var ein elbil vart ho endå meir forundra.

– For like ved er det ein ny, flott ladestasjon for elbilar. Og denne elbilen var kopla på straumuttaket til Sandane Senter. Då blir eg i stuss om verdien av ein ladestasjon viss folk koplar seg på ein heilt annan stad.

– Hårreisande

Etter ein times tid kom elbileigaren, og då gjekk mannen til Anne-Pia ut for å snakke med han.

– Då sa han at han hadde lov til å stå der han ville når han hadde elbil, så det var den forklaringa han hadde før han køyrde vekk.

– Kva synest du om slik oppførsel?

– Eg synest det er heilt hårreisande at folk gjer slikt for å sleppe å betale for straumen. Det er toppen av frekkheit.

– Øydelegg for andre

Og prosjektleiar Ole Gaute Hovstad i SFE er heller ikkje særleg glad for at eigarar av elbil ladar bilane sine på andre sine parkeringsplassar kloss i ladestasjonen dei har bygd.

– Det er synd at folk tek seg til rette på den måten, dette er slett ikkje noko vi oppmodar til. På denne måten er dei med på å øydeleggje for andre elbileigarar. Vi syntest det var viktig å få opp ein ladestasjon og har rekna med ei helit anna haldning.

Sparer mellom 25 og 100 kroner

Hovstad opplyser at dei som eig Tesla har eigne ladepunkt på ladestasjonen, og at desse fyller gratis ettersom dei betalte for straumen då dei kjøpte bilane.

Dei som eig elbilar av andre merke betalar mellom 25 og 50 kroner for ei fylling på ladestasjonen dersom dei har eit abonnement. Har dei ikkje abonnement kan dei betale via ein mobilapp eller via SMS, og då kostar det 100 kroner.

Med andre ord ikkje dei store summane samanlika med å fylle bensin eller diesel, men kanskje nok for enkelte som likar å spare pengar ved å kople seg til andre straumuttak.

Ole Gaute Hovstad i SFE

- SYND: Prosjektleiar Ole Gaute Hovstad i SFE ser helst at folk brukar ladestasjonen dei har sett opp.