Hopp til innhold

La seg til i snøen – sendt heim i drosje

Det har vore ei høvesvis roleg natt til søndag i fjordfylket.

Noko har likevel politiet hatt å hanskast med. Det starta ein halvtime før midnatt i Førde, der ein ung gut hadde lagt seg til i snøen. Han vart sendt i drosje heim til tryggare og varmare omgjevnader.

I halv eitt-tida fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrt i veggen i Bortnetunnelen på fylkesveg 616 i Bremanger. Politiet opplyser at det ikkje var personskade. Det er heller ikkje mistanke om rusa køyring

Halvtimen seinare rykte politiet ut til ungdomshuset i Øvre Årdal, der det vart meldt om to slåstkampar. Politiet fekk roa stemninga, og sende partane kvar til sitt.

Like over klokka halv to fekk politiet melding om skadeverk hos ein butikk på Evja i Florø. Politiet fann ei kvinne i 20-åra inne i butikken. Kvinna hadde knust rute i ei dør.

I 03-tida i Høyanger gav ein mann beskjed til politiet at han vil melde ein valdsepisode etter at han vart slått til fleire gonger av ein namngjeven person. Det skal ikkje ha vore personskade.