Hopp til innhold

Fest i heimen når Nederland startar sitt VM

«Heia Nederland, kom igjen, la ikkje løva stå i underbuksa!» Slik ladar gjengen i Davik i Bremanger til kveldens storkamp og opningskamp mot Spania.

Nederland supporterar

FULL FEST: Og full song, for familien van Oorschot og ei stove full av Nederland-supporterar.

Foto: Privat

– Eg er kald på hendene og magen er full av sumarfuglar. Det var ikkje slik før. Det vert berre verre og verre med åra, seier Anne van Oorschot frå Nederland.

Saman med familien ladar dei opp til fest heime i stova. Når kampen sparkast i gong klokka 21, vil dei vere sju, åtte ivrige Nederland-supporterar i fullt kostyme og i full song.

Ingen enkel dag på jobben

Det har ikkje vore enkelt å konsentrere seg på jobb i dag.

– Heldigvis har eg ein nederlandsk sjef. Han forstår litt kva eg går gjennom, ler Anne van Oorschot.

Sonen Stijn har ingenting i mot oppstyret i stova. Tvert i mot.

– Det går heilt fint. Eg er ein del av dette. Hælane mine skal stå i taket og overalt, og eg er kjempespent på kampen.

No har dei fått i seg ein god middag, og funne fram alt av oransje effektar.

– Kor stor tru har du på Nederland. Ikkje berre patrioten, men realistisk?

– Det vil alltid vere litt patrioten som snakkar når du spør om slikt. Men realistisk: på papiret har Spania eit mykje sterkare lag enn Nederland. Men vi får håpe, seier Stijn van Oorschot.

– Og eit par ting talar for oss, skyt mora inn.

– Det er fredag den trettande, det må jo vere eit godt teikn. Og førre gong var det ein blekksprut som spådde at vi skulle tape. Men den er død. Så vi reknar med at alt ligg til rette for siger.

(Artikkelen held fram under biletet

Den gylne trekant

Stijn van Oorschot har lite tru på det defensive i denne meisterskapen. Nederland reiser som kjent utan venstreback til VM.

– Vi får satse på det offensive, og stole på det nederlendarane kallar den gylne trekant: Van Persie, Robben og Schneider, seier han.

Skulle det gå gale mot Spania i kveld, vedgår han at helga vil verte tung.

– Men vi har uansett to kampar att i gruppespelet, så det kan gå bra.

Kampen starter 21.00.