Hopp til innhold

Desse fuglane flytta inn hos Odd Inge og Grethe

I fleire veker måtte Odd Inge Gjeraker og Grethe Hjetland gå ekstra forsiktig i inngangsdøra til huset i Vik. For på utsida låg det eit fuglereir i dørkransen.

I slutten av mai reiste ekteparet frå Vik til USA på ferie. Då dei kom heim 4. juni, var det ikkje fullt så tomt for liv i heimen som dei kanskje trudde. For i kransen som heng på utsida av inngangsdøra låg ein grå flugesnappar og ruga på seks egg.

– Det var nokon som hadde skjønt at her var det fredeleg, fortel Odd Inge Gjeraker.

Kunne gå heilt nært inntil

I starten var fuglen ganske reservert, fortel Gjeraker, men etter kvart vart han meir og meir vand til å ha folk rundt seg.

– Han skjønte vel at han ikkje kunne flytte reiret, så han måtte berre innfinne seg med situasjonen. Etter kvart reagerte han ikkje på bilar eller noko. Vi kunne gå rett ved døra utan at han flaug frå reiret.

Ekteparet begynte fort å lure på kor lenge egga hadde vore der når dei kom tilbake. Då egga vart klekt 13 dagar etter at dei kom att frå ferie, forstod dei raskt at egga måtte ha blitt lagt rett før dei kom heim.

– Det stemmer ut frå det vi har lese oss opp på om desse fuglane, seier Gjeraker.

Seks egg vart fem fugleungar

Både han og kona Grethe synest det har vore artig å følgje med på fuglane. Og det var aldri snakk om å flytte reiret.

– Eg har jo sett fuglereir før, men ikkje så nært eit trafikalt område. På slutten låg faktisk mora og rugde på egga medan vi gjekk forbi reiret på ein meters avstand. Så han tilpassa seg og skjønte at dette ikkje var noko farleg.

Fem av seks egg vart klekt, og Gjeraker fortel at dei vaks fort. Alle utanom ein liten fugleunge som låg lengst bak i reiret.

– Det var skytteltrafikk med mating i tida etter klekkinga. Vi såg fort at det låg ein bak som var mykje mindre enn dei andre, og han fekk ikkje mat. Men naturen ordna opp, så når dei andre flaug fekk han ekstra mat. Han flaug dagen etter.

– Vore stille og fredeleg

Flugesnappar på i kransen
Foto: Odd Inge Gjeraker

Å ha dei fjørkledde småtrolla buande i dørkransen har ikkje vore noko problem.

– Det har gått heilt fint. Av og til har vi gått inn på baksida av huset, men vi har kunne gått ut og inn omtrent så vi vil. Dei har ikkje brydd seg så mykje om oss. Fuglen har floge vekk akkurat i det vi går i døra, men vore tilbake kort tid etterpå.

Og det har vore rolege tilstandar frå inngangsdøra.

– Det har ikkje vore ein lyd. Men vi har nokre andre fuglar på baksida som har laga meir bråk, fortel Gjeraker.

Tysdag flaug den siste av fugleungane, men han slår fast at dei er velkomne igjen ved behov.

– Det spørst om vi ikkje må leggje ferien til same tid neste år, elles finn dei kanskje ein annan plass. Det er ikkje godt å vite.