Hopp til innhold

Kystpartiet driv valkamp for hand

- Det går heilt fint, seier Asbjørn Massnes i Kystpartiet om å drive valkamp med skjønskrift.

Video nsps_upload_2009_8_28_14_18_50_144.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

For medan politikarane kjempar om å vere mest aktiv på Twitter og Facebook, frir Kystpartiet i Sogn og Fjordane til veljarane med penn og papir.

- Eg gjekk ut av skulen før det vart aktuelt med data, så eg må bruke gamlemåten og skrive for hand slik eg lærte det, fortel andrekandidaten til partiet, Asbjørn Massnes.

- Fungerer fint

For når Massnes ikkje deltek i debattar og står på stand - driv han valkamp med løkkeskrift. Nestleiaren har ikkje lært seg data og skriv pressemeldingar og avisinnlegg for hand.

- Alle som mottek breva mine, seier at "du skriv slik at det er godt å lese". Og då er det ikkje noko problem, seier han.

Har ikkje bruk for data

Han har aldri hatt bruk for data privat, og meiner at arbeidet som politikar i Kystpartiet, ikkje forsvarar å kjøpe noko data. Massnes seier at han ikkje er motstandar av det digitale samfunnet. Han meiner tvert imot at det er viktig at det blir bygd ut breiband og betre mobilnett.

Sjølv om han ikkje har behov for breiband sjølv.

- Effektivt

Han står i sterk kontrast til mykje anna av den politiske kommunikasjonen som finn stad når det no nærmar seg valkamp. Sogn og Fjordane Arbeidarparti ser til dømes på det digitale media som avgjerande for å nå ut til veljarane.

- Du får det fort ut. Det er viktig. Du treng ikkje skrive brev og vente ein dag eller to før det er ute. Du får det fortare ut og du når fleire, seier partisekretær Monica Oppedal.

Ikkje eit must

NRK Sogn og Fjordane sin valekspert, Knut Henning Grepstad, meiner at den nye digitale kvardagen ikkje er eit must i valkampen.

- Vi har framleis ansvarlege avisredaksjonar som inn lesarinnlegg. Vi ser at avisene lagar oppslag også på dei små partia, så dei får nok sin høvesvise merksemd i dei ulike media, seier han.

Både og...

Ifølgje Grepstad handlar valkampen nettopp om å kommunisere med veljarane sine.

- Ein slit veldig når ein ikkje har tilgang til desse nye media i høve ein del veljargrupper. I høve andre veljargrupper, dei eldre og dei som er vande med å få den politiske bodskapen gjennom radio, TV og partiprogram, så er ikkje det så viktig, seier han.