Hopp til innhold

Kvinnene dominerer Førdefestivalen

Under mottoet "Women's World" skal Oumou Sangaré frå Mali vere hovudtrekkplaster under folkemusikkfestivalen i Førde.

FRANCE-MUSIC
Foto: MIGUEL MEDINA / AFP

Sangaré toppar plakaten saman med sigøynarmusikaren Esma Redzepova frå Makedonia.

- I år har vi valt å presentere kvinnelege artistar som er talerøyr for særeigne kulturar og tradisjonar, eller har engasjert seg politisk eller i sosialt eller humanitært arbeid. Dette er kvinner som har tatt opp kampen for noko dei tur på, og som har noko å fortelje, skriv festivaldirektør Hilde Bjørkum.

Årets festival går av stabelen 7. - 10. juli.

Mann lagar tingingsverk

Tingingsverket dette året er det likevel ein mann som står bak. Gjermund Larsen har spesialskrive eit verk for Trondheimsolistene, og det vil bli urframført laurdag 9. juli i Førde.
Blant dei andre namna på fesivalplakaten finst lokale kvinner som Sigrid Moldestad og Unni Løvlid, andre norske som Dei Beste Damene og Sinikka Langeland, samt internasjonale artistar som Ana Moura (Portugal), Sasana Baca (Peru), Houria Aïchi (Algerie/Frankrike), Urna (Mongolia) og Julie Fowlis (Storbritannia).
Dette blir den 22. Førdefestivalen i rekka.