NRK Meny

Kvinneleg syklist frakta til Bergen

Syklisten som vart funnen i ei grøft langs fylkesveg 243 på Aurlandsfjellet er frakta med luftambulanse til Haukeland Universitetssjukehus i Bergen. Ho skal ikkje ha vore medviten då ho vart funnen. Politiet trur ho har køyrd av vegen og ramla, men det er ingenting som tyder på at det har vore andre traffikantar involvert i uhellet. Politiet har avhøyrt vitner og sikra sykkelutsyret til kvinna.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.