Hopp til innhold

Kvinne til sjukehus etter uhell

Ei kvinne i 70-åra er send til sjekk etter eit trafikkuhell på E39 utanfor Førde måndag føremiddag.

Ulykke på Mo

UHELL: Personbilen har køyrt i rekkverket på E39 ved Mo. Ei kvinne i bilen skal ha blitt send til sjukehus for sjekk.

Foto: Silje Guddal / NRK

Politiet fekk meldinga om eit trafikkuhell i området ved Mo like over klokka 11, og sende brannvesenet, helsepersonell og politi til staden.

Ifølgje politiet skal det vere ein bil involvert i hendinga, ein person skal vere skadd.

– Det er eit einsleg køyretøy som har køyrt i rekkverket, vi veit ikkje kvifor enno. Ein av personane i bilen er send til sjukehus med lettare skader, mest for ein sjekk, får NRK opplyst av innsatsleiar i politiet, Dag Fiske, som er på staden.

Ifølgje Fiske var det eit eldre ektepar i bilen, begge skal ha vore i 70-åra. Kvinna som er send til sjukehus var passasjer.

Ulukka skal ha skjedd nokre hundre meter aust for avkøyringa til Mo og Jølster jordbruksskule. Det skal ha danna seg køar på staden, og det er ifølgje politiet dirigering av trafikken.

– Bilen har fått mindre skader i samband med at den har støytt saman med rekkverket, seier Fiske til NRK.no.

Bilen skal ha køyrt i retning mot Førde då den trefte rekkverket på høgre sida av vegen og køyrde opp etter dette. Det var ikkje andre køyretøy involvert.

E39 kan bli stengd i ein heilt kort periode i samband med at bilberging skal fjerne bilen.

Saka blir vidare etterforska av Førde og Naustdal lensmannskontor.