Politiet rykte ut etter melding om slåsting i 03-tida. Då dei kom til staden fann dei ei kvinne på bakken i Strandgata.
Kvinna hadde smerter i nakken og blei sendt til Førde sentralsjukehus med ambulanse.
Kva som skjedde forut for at kvinna låg i asfalten er noko uklart, men saka blir etterforska.
– Vi har ein mogleg mistenkt person i saka, det er førebels alt vi kan seie, opplyser operasjonsleiar Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt som elles melder om ei roleg natt til søndag:
- Ein time tidlegare på natta, i totida. Fann patruljen i Florø ein rusa mann liggande i sentrum. Vedkommande fekk skyss heim.
- Florø-politiet var også innom ein einebustad i kystbyen der det blei festa høglyd. Festlyden fekk pålegg om å dempe seg i natta.
- I Førde kan ein person mann i 40-åra vente seg etterspel etter at politiet fann han urinerande oppetter i døra til eit næringslokale i Førde.