Kvinne til sjukehus etter kollisjon med vogntog

Ei kvinne er brakt til sjukehuset i Førde med skader i beina, etter at bilen ho køyrde kolliderte med eit vogntog på Skei.

Store skader

STYGG SMELL: Personbilen har fått store skader i fronten etter kollisjonen med vogntoget.

Foto: Reidar Helgheim / NRK

Politiet fekk melding om ulukka klokka 20:53 i kveld. Kollisjonen skjedde på E39 like nord for skulen på Skei i Jølster. Vegen skal vere glatt og sørpete.

Det var ein person i kvar bil, føraren av vogntoget er uskadd.

Klokka halv ti melde politiet at føraren av personbilen er skada, men vaken. Kvinna er no frakta til sjukehus.

Vegen vart stengt etter ulukka, då bilane vart ståande i vegbana. Personbilen har fått store skader.

Ein redningsbil er no på staden for å taue veg køyretøya.

Laster kart, vennligst vent...

KOLLISJON: Ein personbil kolliderte klokka ni i kveld med eit vogntog på E39 like nord for skulen på Skei i Jølster.