Hopp til innhold

Kvinne skårfast i fjellet i natt - vart funnen etter fem timar

Ei utanlandsk kvinne i 20-åra måtte natt til torsdag få hjelp frå Røde Kors då ho gjekk seg skårfast i fjellet over Lærdalsøyri.

Politi

KVINNE SAT FAST I FJELLET: Politiet fekk like over midnatt melding om at ei ung kvinne sat skårfast i fjellet i Lærdal. Fem timar etter vart ho funnen i god behald.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Kvinna melde frå til politiet i 00.40-tida at ho hadde gått seg skårfast etter ein tur i Berdalen på fjellet nordaust for Lærdalsøyri.

Politiet sende mannskap frå Røde Kors ut for å leite etter den utanlandske kvinna.

I 04-tida vart søket etter kvinna konsentrert langs Stødnafossen, og omlag ein time seinare vart kvinna funnen av Røde Kors like ved fossen.

Kvinna vart funnen i god behald, men noko kald, opplyser politiet.