Hopp til innhold

Kvinne skadd i trafikkulukke

To personbilar har kollidert på fylkesveg 55 like ved Balestrand sentrum. Årsaka til ulukka er brot på vikeplikta.

Trafikkulukke Balestrand

KOLLISJON: Ei 18 år gamla kvinne vart lettare skadd etter kollisjonen i Balestrand.

Foto: Robert Jan Leerink

Ulukka vart meldt inn kring klokka 14.40 onsdag ettermiddag.

Ei kvinne på 18 år vart lettare skadd i samanstøyten, og vart sendt til Førde sentralsjukehus. Ho var åleine i bilen, medan dei tre personane i den andre bilen ikkje skal ha blitt skadd. Det fortel operasjonsleiar for politiet, Kjetil Avsnes, til NRK.

Brot på vikeplikta er årsaka til ulukka, skriv politiet i loggen sin. Den eine bilen kom opp frå Balestrand sentrum og køyrde inn i den andre bilen som var på forkøyrsveg.

Alle naudetatane rykka ut til ulukka. Lokalt brannvesen var først på staden.