Hopp til innhold

Kvinne dømd for å ha slege borna sine

Ei kvinne i 40-åra er dømd til 120 timar samfunnsstraff for fleire gonger å ha utøvd vald mot eigne born.

Fjordane tingrett

DØMD: Ei kvinne er dømd til 120 dagar med samfunnstraff for å ha slege borna sine når dei var ulydige.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Begge borna var godt under 10 år gamle og valden skal ha skjedd over ein tidsperiode på fire år. Begge borna skal fleire gonger har vore til stades når den andre vart slegen.

Varsla sjølv

Det var kvinna sjølv som tok opp familievalden med barnevernet. Problem i forholdet til faren og at ho var trøytt og sliten skal ha vore grunnen til at ho ved tre konkrete høve slo det eine barnet i ryggen då han var vanskeleg.

I tillegg til desse episodane skal kvinna ha fika til borna i bakhovudet med flat hånd 20 - 30 gonger i ein periode på om lag seks månadar. Familievalden skal ha skjedd medan faren var borte. Til slutt skjønte kvinna at ho trengde hjelp til å meistre sinnet sitt. Borna vart sett i fosterheim.

Skader

Retten sler fast at valden mot borna ikkje er av det mest alvorlege slaget. Men at uro og utryggleik som desse handlingane skapte gjennom stadig gjentaking er skadeleg for borna. Det er ikkje påvist konkrete skadeverknader for borna på kort sikt. Men borna sine forklaringar i dommaravhøyr viser at valdsbruken har sett sine spor i minna deira. Borna har forklart at slaga var smertefulle. Ved minst eit høve har slaga etterlete seg merke på kroppen.

Retten har sett i formildande lei på at kvinna har tilstått i avhør og at ho sjølv gjekk til barnevernet med deler av valden. Retten har også sett det som formildande at kvinna har teke grundig tak i livet sitt og mellom anna enda ekteskapet.

Erstatning

Påstanden frå aktor var 60 dagar i fengsel pluss 60 dagar på vilkår. Men Fjordane Tingrett fann samfunnsstraff i same tal dagar som mest høveleg.

Kvinna er også dømd til å betale oppreisingserstatning på 50 000 kroner til kvar av borna.