Hopp til innhold

Kven har den største?

Kven har den største steinen i landet, Odda eller Luster? I Luster meiner mange at Valbursteinen like ved fylkesveg 55 mellom Skjolden og Fortun er størst.

Valbursteinen mellom Skjolden og Fortun

KOLOSS KLOSS I VEGEN: Valbursteinen ligg ved fylkesveg 55 mellom Skjolden og Fortun.

Foto: Odd Helmer Handeland

Tidlegare har Bergens Tidende utropt Skipheller i Odda til den største steinen i landet.

Skipheller ligg kloss ved Odda Camping og er målt til å vere 30 meter høg, med eit volum på 25.000 kubikkmeter og ei vekt på 65.000 tonn. Steinen er kløyvd i to. Harald Jordal i Odda kommune sa i 2011 til Haugesunds Avis at dei ikkje er i tvil om at deira stein er størst i landet.

– Odda kommune går ut frå dette, og vi er aldri blitt motsagt.

Valbursteinen er ikkje målt nøyaktig, men han er om lag 10 gonger 30 meter i grunnflate, og høgda er mellom tre og sju-åtte meter.

Gutt fast i stein i Odda

30 METER HØG: Skipheller i Odda ruvar godt ved Odda Camping.

Foto: 03030-tipser

Odd Helmer Handeland har lagt bilete av steinen på Facebook. Han meiner det no må gjerast ei skikkeleg oppmåling, slik at dei kan få slege fast kven som har den største steinen – Luster eller Odda.

«Størst i Skandinavia»

Olav L. Bolstad frå Skjolden seier at far hans i si tid sa at steinen vart rekna for å vere den største i Skandinavia. Dette hadde han frå ein ingeniør i Statens vegvesen.

– Dette var på 1930-talet. Då vart det skote eit stykke av steinen for å gje rom for utviding av vegen. Det var då denne ingeniøren skal ha sagt at «de må vere klar over at dette er den største steinen i Skandinavia».

Valbursteinen mellom Skjolden og Fortun

BLIKKFANG: Valbursteinen ruvar godt ved fylkesveg 55.

Foto: Odd Helmer Handeland

– Jenter og gutar møttest der

Om han ikkje er den største steinen i Skandinavia, så er han mellom dei største i sitt slag og ein attraksjon, skriv Handeland på Facebook-sida si.

– Det gjekk det ordet her inne i Skjolden, at Valburstein var ein stad der jenter og gutar kunne møtast, ein slags «place for dating», seier Handeland.

I dag blir steinen brukt som eit mål for dei som driv med geo-caching.

Valbursteinen har i si tid kome ned i dalbotnen i eit steinskred, medan Skipheller i Odda er ein såkalla flyttestein, som isen har plassert der han er i dag.

Skipheller har lenge vore gøymd av tett skog, men i 2011 vart skogen fjerna, slik at steinen no er synleg i all sin prakt.