Kvalheim har ikkje vedgått kor mykje han har svindla for, men Økokrim meiner det dreier seg om minst 220 millionar kroner. Dersom mistanken viser seg å vere rett, kan dette vere eitt av dei størte momsbedrageria av sitt slag i Noreg, seier førstestatsadvokat Petter Nordeng i Økokrim.
OK-Fish Kvalheim har i fleire år kjøpt laks frå oppdrettarar i Noreg, og selt fisken vidare til utlandet. Laksen dei kjøpte har dei fått momsfritt. Men i rekneskapa til Fylkesskattekontoret, har dei opplyst at dei har betalt moms, seier Petter Nordeng, som er førstestatsadvokat hos Økokrim. Dermed skal OK-Fish Kvalheim ha fått utbetalt fleire hundre millionar kroner frå staten.
Kvalheim skal i avhøyra ha sagt at dårleg økonomi i verksemda var grunnen til at han i 1995 oppgav til fylkesskattekontoret at han hadde betalt moms når det ikkje var tilfelle.