NRK Meny
Normal

Kva vil du sjå frå Luster på 17. mai?

På sjølvaste nasjonaldagen tek NRK turen til Ornes og Solvorn. Vi ønskjer tips frå deg til kva som skjer i Luster denne dagen, slik at vi kan syne det fram for heile landet.

Solveig Svarstad ved Urnes kyrkje

UTFORSKAR: Solveig Svarstad (biletet) og fotograf Stine Kyrkjebø Johansen har allereie utforska området dei skal besøke, her ved Urnes stavkyrkje. Likevel vil dei ha idear til fleire ting eller aktivitetar dei kan syne fram.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

For tradisjon tru skal NRK bringe 17. mai-stemning inn i stover over heile landet, gjennom fjernsynsskjermen.

For NRK Sogn og Fjordane går turen i år til dei vakre fjordperlene Solvorn og Ornes, med Lustrafjorden mellom.

– Planen er at vi startar inne på Ornes, heilt på toppen der stavkyrkja er. Deretter skal vi bevege oss ned til ferjekaia. For dei som bur på Ornes er avhengige av ferja som går over til Solvorn. Der skal vi snakke med nokre jenter som skal rekke 17. mai-toget i Solvorn, seier reporter Solveig Svarstad, som i år skal stå for rapporteringa frå Sogn og Fjordane på nasjonaldagen.

Stine Kyrkjebø Johansen og Solveig Svarstad

GLER SEG: Fotograf Stine Kyrkjebø Johansen og reporter Solveig Svarstad.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

At det blir spektakulære fjernsynsbilete, rår det vel liten tvil om, meiner NRK-reporteren.

– Det kan ikkje bli betre enn dette på sjølvaste 17. mai. Unge og vaksne kledd i bunader, ferja midt på fjorden. Dette blir fantastisk.

Men vi ønskjer tips til kva som skjer i Luster på denne store dagen.

– Ja, om det er nokon som har tips til kva vi finne på i Luster, så tek vi gjerne imot tips, seier Svarstad.

  • Tipsa tek vi imot på vår epost: sf@nrk.no
Gratulerer med dagen!

KLARE FOR FERING: Anne Rimmen, Marte Stokstad, Nadia Hasnaoui og Pål Plassen er på plass i hovudstaden 17. mai, og følgjer oss gjennom direktesendingar frå heile landet, også Sogn og Fjordane.

Foto: Julia Naglestad / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.