Hopp til innhold

Kupen-show i hovudstaden sikra tre viktige poeng

Florø-spiss Endre Kupen skulle gjerne ha skåra enda fleire mål, men reint hat-trick på bortebane er ikkje kvardagskost det heller.

Endre Kupen

HAT-TRICK: Endre Kupen briljerte mot Frigg. (Arkivfoto)

Foto: Truls Kleiven / NRK

Frigg – Florø 0-3, 2. divisjon avdeling 3

– Det er vel greitt med hat-trick, men eg blir jo nesten litt irritert over at eg ikkje skårar fleire mål, seier Kupen til NRK etter kampen mot Frigg i Oslo.

Med tre nye poeng er Florø no likt med Nest-Sotra på toppen av tabellen, men Kupen legg vekt på at dei som spelarar må ta ein kamp om gangen i jakta på mogleg opprykk.

– I dag kunne det blitt meir mål og det blir spennande. Blir spennande å sjå. Vi tar kamp for kamp.

Trenar Terje Rognsø var svært nøgd med at Endre Kupen verkeleg tok ansvar på den tørre kunstgrasbana til Frigg, og sørga for Florø-siger med ekte hat-trick.

– Han er veldig god i dag, og har fleire gode sjansar til å putte fleire ballar i mål. Motstandarane får ikkje tak på han, og han er der ein spiss skal vere, slår Rognsø fast.

Komande helg møter Florø erkerival Førde på heimebane. Sistnemnde tapte heime mot Florø sin opprykksmotstandar Nest Sotra laurdag.