Kunstisen skal dessutan produsere varme til lærdølene.
Arkivfoto
Kunstgras på ynskjelista
I tillegg til ei kunstisbane stor nok til 400 meters lengdeløp, planlegg idrettslaget i Lærdal også fleire andre kunstisflater. Men ikkje nok med det. Også ei kunstgrasbane med undervarme står på ynskjelista.
Og merkeleg nok er det isen som skal halde graset varmt. For overflata på ei isbane hentar opp store mengder varme frå sola.
Varme til andre og?
Ei varmepumpe skal så gje denne varmen ein endå høgare temperatur, før han blir ført vidare ut til gode formål. Kanskje kan varmen gjere nytte for seg hos storforbrukarar på Lærdalsøyri, i tillegg til å halde kunstgraset frostfritt, skriv idrettslaget i eit dokument om planane.
Varme frå fjorden?
I tillegg til kunstisvarmen er det håp om å hente ut varme frå Lærdalsfjorden, og kanskje også frå kloakkanlegget på Lærdalsøyri.
Liknande anlegg i Trønedlag
For å få hjelp til å greie ut om desse omfattande energi- og økonomispørsmåla, har idrettslaget hyra inn ein konsulent frå selskapet COWI as. Ingeniør Geir Eggen har akkurat gjennomført eit stort og tilsvarande anlegg i Trøndelag. Blir anlegget realisert også ved Sognefjorden, kan lærdølene lyst sjå fram til splitter nye arenaer i framtida.
Lærdal idrettslag held informasjonsmøte om planane for både idrettsanlegg og energiøkonomi klokka 13 måndag.