Leiar i kulturutvalet, Velaug Veum, seier Fabel får prisen fordi dei er ei av dei fremste visepopgruppene i landet, at dei har laga fleire kritikerroste CD'ar, vore nominert til spelemannsprisen og lagar tekstar på nynorsk.
Veum tykkjer òg det er kjekt at mange av medlemmane i gruppa har vore flaska opp gjennom fylkeskommunale tilbod som ungdommens kulturmønstring og musikklinja ved Firda vidaregåande skule på Sadane.
– Utruleg hyggeleg!
Det var reaksjonen til Odd-Erik Lothe da han fekk beskjeden direkte på NRK Sogn og Fjordane. Han lova på sparken ein takkesong til overrekkinga på fylkestinget i desember.