Hopp til innhold

Kulturen vil ha Astrup til Ålhus

Seks tilsette på kontoret til fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad har skrive under på at besøkssenteret bør ligge på Ålhus.

Astruptunet
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Fylkesdirektøren rår til at fylkeskommunen reiser motsegn mot utbygginga av besøkssenteret ved Astruptunet . Saka vart utsett i siste fylkesutval .

- Kva med habiliteten?

Namna i underskriftsaksjonen var tema fram tysdag under møte i Jølster formannskap. Varaordførar Judith Kapstad (V) reagerer sterkt på at tilsette i kulturetaten har sett namnet sitt på underskriftslista .

- Eg tykkjer det er ubehageleg. Spesielt gjeld det Astrid Wittersø som er ein av dei som har teke initiativ til og sett i scene aksjonen. Eg meiner at Jølster kommune bør leggje det fram for fylkesrådmannen og spørje om det er greitt og akseptabelt, og kva det betyr for habiliteten til sakshandsamar, sa ho i følgje Firda.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ni kulturpersonar

Av 800 signaturar, mellom desse frå Molde og Førde, er 550 over 18 år og har røysterett i kommunen. Mellom desse er nemnde Wittersø, Solfrid Bygstad, Hildegunn Aamot Dahl, Torild Hyllestad, Gunn Peggy Svensøy og Gaute Dvergsdal Bøyum. Alle tilsette i fylkeskulturetaten.

Også Stein Sandemose Bårdsen, Karen Helga Maurstig og Fridtjov Urdal ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum er i følgje avisa å finne på lista.

- Fornuftig ressursbruk?

Atle Reidar Sandnes (Ap) stilte spørsmål ved kor mykje ressursar administrasjonen og varaordføraren skal bruke på å stille spørsmål ved underskrivarane sitt engasjement. Sandal var i førre månad i ein opphissa debatt med leiar for styringsgruppa som planlegg besøkssenteret, Atle Hamar.

- Eg trur at fylkeskulturdirektøren er ei dame med integritet som har gjort sitt beste, sa han.

- Heilt greitt

Fylkeskultursjefen har ikkje problem med at tilsette har skrive under på lista. Ho presiserer ovanfor avisa at ingen av dei seks frå hennar avdeling har hatt noko med sakshandsaminga å gjere. Heller ikkje rådmann Jan Øhlckers tykkjer underskriftene byr på problem.

- Det er ytringsfridom i dette landet, og eg synest ikkje at det er problematisk i det heile. Det er uansett eg som legg fram denne saka, seier han.