Hopp til innhold

Kulda set stoggar for høgmesse

Kulda har sett stoggar for den planlagde høgmessa i Breim kyrkje søndag.

Sokneprest Harald Forland

Sokneprest i Gloppen, Harald Forland, konstaterer at gudstenesta søndag må gje tapt for kulden.

Foto: Runar Sandnes

- Eg har vore her i 12 år, men eg kan ikkje hugse at vi har måtte gå til det steg å avlyse ei gudsteneste. Det er mogleg det skjedde året før eg kom, men det kan eg ikkje seie sikkert, seier sokneprest Harald Forland.

- Var ingen tvil

Det var Forland som skulle halde den planlagde høgmessa søndag. Men "Kong Vinter" hadde andre planar. For medan temperaturen er på godkjend plusside i dei andre kyrkjene i Gloppen, viste kvikksølvet i Breim kyrkje berre sju varmegrader laurdag føremiddag.

- Det er alt for kaldt. Då hadde omnane stått på fullt i fleire døgn. Det var ingen tvil om at vi måtte avlyse messa, eit såkalla messefall, fortel Forland.

Bles inn i kyrkja

Breim kyrkje på Reed er frå 1886. Ser ein vekk frå etterisoleringa i taket, er bygget heller lite isolert. Einaste omnane som varmar er plassert under benkane, og sjølv om desse står på fullt, på 70 KW, blir det lite varme med kring 20 minusgrader utanfor.

- Du kjenner godt at det kjem kjøling opp frå golvet, og vinden går under kledninga. Det er eit stort kyrkjerom, og då er det vanskeleg å varme opp, fortel kyrkjeverje i Gloppen, Kurt Djupvik.

Prestar frys

NRK har tidlegare fortald om dårleg vedlikehald av prestegardane. Det er buplikt på prestegardane og politikarane vil ikkje gjere noko med denne buplikta. Og når Bjørgvin og Stavanger Bispedøme har ikkje midlar til å ruste opp prestegardane sine, frys mange prestar i den bitande kulde .

- Eg har putta ein sovepose inn i ein krok på kjøkkenet saman med isoporplater for å halde kulden ute, fortel sokneprest i Gaular, Frode Skeide.

- Håpar og ber

Forland vedgår at dårleg isolering av kyrkjebygget på Reed gir dei ekstra utfordringar.

- Det er eit problem også når vi skal ha gravferd. No er det ein realitet at vi ikkje kan ha gudsteneste når det er så kaldt. Men på kort sikt er det ikkje rå å gjere noko med det. Vi får håpe og be om at sprengkulden gir seg, seier Forland.