Hopp til innhold

Fleire oppseiingssaker mot lærarar

Både KS og Utdanningsforbundet ser ein auke i talet på oppseiingssaker der lærarar er involverte.

Lærer som skriver på tavle på barneskole.

FLEIRE BLIR OPPSAGT: Både KS og Utdanningsforbundet ser ein auke i talet på oppseiingssaker i skuleverket sjølv om dei ikkje kan syne til konkret statistikk.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Skal du jobbe i skuleverket må du vere flink med elevane, seier leiar i KS Advokatene, Tor Allstrin.

Det finst ingen statistikk. Men både KS og Utdanningsforbundet meiner å sjå ein auke i oppseiingssaker der lærarar er involverte. KS representerer arbeidsgjevar, medan Utdanningsforbundet representerer læraren.

Ingen av dei ønsker å kommentere saka der ein lærar på ein barneskule i Sogn og Fjordane har fått gjentekne varslar, men uttalar seg på generelt grunnlag.

– Slike saker er ulike i art og omfang. Alt frå klager, samarbeidsvanskar til saker om oppseiing, seier leiar i seksjon for juridiske spørsmål i Utdanningsforbundet, advokat Ruth Line Meyer Walle-Hansen i Utdanningsforbundet.

– Vi har ikkje tal, men det er ikkje tvil om at mengda saker som vert sendt inn til sentralleddet har auka dei siste åra. Ein kan stille spørsmål om arbeidslivet har blitt tøffare, seier Walle-Hansen.

Saker endar ofte med forlik

Av sakene KS Advokatane assisterer medlemmane og som hamnar i domstolen, anslår dei at rundt fem handlar om oppseiing av lærarar. Men fleire av sakene endar med forlik før hovudforhandling. I tillegg hjelper KS til i rundt 20–30 saker kvart år som ikkje blir brakt inn for domstolane, men som løyser seg ved avtale, omplassering eller andre tiltak.

– Skal du jobbe i skuleverket må du vere flink til å samarbeide med ulike aktørar som kollegaene på jobb, leiinga på skulen og med foreldra. Og så må du vere flink i relasjon med elevane. Gjengangaren i sakene som hamnar i domstolsapparatet er at ein eller fleire av desse relasjonane sviktar, seier Tor Allstrin i KS Advokatene.

Tor Allstrin

GODE RELASJONAR: Tor Allstrin i KS Advokatene er opptatt av at tilsette i skuleverket må ha gode relasjonar til både elevar, foreldre og andre tilsette for å fungere godt.

Foto: KS

Saksmengda aukar

Også Utdanningsforbundet skriv at saksmengda har blitt større dei siste åra.

– Medlemmar som vender seg til Utdanningsforbundet får alltid hjelp. Medlemmane har krav på støtte, men ikkje alltid medhald. Vi vurderer saka saman med læraren. I enkeltsaker ser vi at prosessane ofte ikkje er gode nok og at det er grunnlag for å imøtegå oppseiinga. Då assisterer vi medlemen, søker løysingar og tek om naudsynt saka i rettsapparatet, seier Walle-Hansen.

– Vi er sjølvsagt oppteken av stillingsvernet, terskelen for å miste jobben er og skal vere høg. Difor vurderer vi nøye om arbeidsgjevar har gjort eit grundig forarbeid og om arbeidstakar er følgt godt opp.

– Heilt sentralt å ta vare på bevis

KS meiner at lærarar i dag har eit sterkt stillingsvern, også samanlikna med andre land i Norden og Europa.

– Det skal noko til å seie opp ein arbeidstakar. Éi hending er sjeldan god nok grunn til å seie opp nokon. Det er hendingar som har skjedd over tid. Arbeidstakar skal få moglegheit til å forbetre seg, seier Tor Allstrin.

Han meiner manglande dokumentasjon og loggføring ofte blir eit stort problem når det kjem inn munnlege varslar.

– Det er heilt sentralt å ta vare på bevis. Mykje skjer munnleg. Mange arbeidsgjevarar kunne dokumentert langt betre. Ein bør teikne ned og konfrontere lærar. Skjer det fleire hendingar, så aukar graden av alvor, seier Allstrin.