Hopp til innhold

Kryp sakte, men sikkert mot VM

Tore Gjøringbø er på god veg til å bli den neste internasjonale løftaren frå Tambarskjelvar.

Tore Gjøringbø under NM i Naustdal 2012

FRÅ EM TIL VM: Før nyttår kvalifiserte Tore Gjøringbø seg for EM. No er han plutseleg berre nokre få poeng frå VM.

Foto: Rune Fossum / NRK

Rundt juletider kvalifiserte 17-åringen seg for ungdoms-EM i vektløfting. No ser Tore Gjøringbø også verdsmeisterskapen i det fjerne.

I helga var han på nippet til å klare kravet under Baltic Cup Championships i latviske Ventspils.

– Hadde eg berre fått opp 110 i rykk, og to kilo til, så hadde eg vore klar for VM, seier Gjøringbø.

Skifta til VM-fokus

17-åringen persa med tre kilo i støyt med 140 kilo. I rykk vart det 105 kilo. Det er to kilo under hans personlege rekord, men likevel godkjent.

– Eg er inne i ein tungtreningsperiode, så det er ikkje noko å seie på det, seier han. Likevel litt skuffa over å sjå VM-kravet vere så nærme, men likevel så langt ifrå.

For etter å kvalifisert seg for europameisterskapen i Romania i August, vart det neste målet å kvalifisere seg til verdsmeisterskapen.

Skil 20 poeng

– Vi fann ut at VM-kravet berre var 20 poeng meir. Så no jobbar vi mot VM. Eg trur det kan gå, seier han.

Medan kravet for EM er 280 poeng, er kravet 300 poeng for VM. Poenga blir rekna ut på bakgrunn av kva utøvarane løftar og veg.

– Sidan eg klarte EM-kravet har eg løfta 290 poeng, og hadde eg fått opp 110 i dag hadde eg hatt 295 poeng, seier han.

Vel VM framfor EM

Om han skulle klare kravet, så må han velje det eine framfor det andre. Valet vil då falle på VM, sjølv om han reknar med å ha lite å slå i bordet med mot dei verdas beste ungdomsløftarar.

Dei to meisterskapa går av stabelen med to vekers mellomrom.

– Då blir det VM. Mest for opplevinga, men også for meisterskapstreninga, seier han. Med ein månad att på å klare kravet.

I Latvia vart Gjøringbø tredje beste av dei seks ungdomsløftarane under 17 år. I konkurransen, som både er individuell og lag, deltok Latvia, Litauen, Estland, Finland og Polen.

Pers på Rørstadbotn

– Dette er jo dei seks beste ungdomane frå seks ulike nasjonar. Før eg reiste hadde ikkje trudd at eg ville komme så pass høgt, seier han.

Tambarskjelvar stilte med fire gutar og to jenter i konkurransen. Sindre Rørstadbotn vann 105-kilosklassa med 128 kilo i rykk og 165 kilo i støyt. I rykk vart det personleg rekord med eitt kilo. Totalt vart han fjerde best av alle.

– Eg prøvde meg på 170 kilo, men trekte meg litt. Eg har slite litt med vond rygg den siste tida, så fann ut det var ikkje vits å ofre noko, seier han.