Kristoffer lurte heile Norge til å tru at han budde eitt år utandørs i Sogn

Kristoffer Clausen (34) vart rikskjendis på NRK og TV2 då han budde eitt år utandørs i indre delar av Sognefjorden. No innrømmer han å ha narra heile Norge.

Kristoffer Clausen

I SKOGEN: Kristoffer Clausen på plass i skogen, der han skulle leve eitt år samanhengande av det naturen gav han.

Foto: Helge Søfteland / NRK

– Eg er lei for det, seier Kristoffer Clausen til Dagbladet.

NRK møtte 34-åringen i november. Han fortalde då at han skulle bu eitt år utandørs og leve av det han fanga og jakta ved Frønningen i Indre Sogn.

Vedgår å ha drite seg ut

Også på TV2 fekk han stor merksemd, han blogga frå det han opplevde – og han gav ut boka «En vill mann. 365 dager som jeger, fisker og sanker».

No vedgår Clausen overfor Dagbladet at han har lurt folk trill rundt:

– Hadde det berre gått ut over meg hadde det vore greitt, men det er også familie, venner og fans som har sett opp til meg. Eg har drite meg loddrett ut, sånn er det berre. Det må eg stå for, seier han til avisa.

(artikkelen held fram under videoen)

Video nsps_upload_2009_11_18_21_49_42_744.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

NRK møtte Kristoffer Clausen i november. Historia hans var at han skulle leve utandørs i Sogn i eitt år.

– Står inne for det eg har gjort

Ifølgje Dagbladet var Clausen i Sverige med bil då han skreiv på bloggen at han var på reinsjakt. Han hadde då budd på Torsby i fleire dagar.

Han var i Sverige på jakt i februar-mars. På bloggen stod det at han hadde vore i dvale i lang tid. Ved eit ana høve var han på handel på Nordbysenteret ved Halden – på bloggen skreiv han at han hadde lite mat og spiste tang.

– Eg står inne for det eg har gjort. Men det er ein del ting som eg har gjort, som ikkje står i boka og som ikkje har stått nokon annan stad, seier Clausen.

Overfor Dagbladet forklarer han at ein nær slektning vart sjuk berre eit par veker før året i villmarka skulle byrje, og at han difor følte det feil å skulle vere i villmarka i eit heilt år.

Skogeigaren hadde ingen mistanke

Vilhelm Rumohr eig skogen Frønningen, der Clausen tilsynelatande skulle leve som villmarksmann i eitt år. Han hadde ingen mistanke om at Clausen ikkje var i skogen heile året.

- Eg kjenner ikkje til anna enn at han var her heile hausten og vinteren. Eg har ikkje kjennskap til at han skal ha vore nokon annan stad. Eg har ikkje høyrt eller sett noko til det, seier Rumohr til nrk.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kvar er dette?

FRØNNINGEN: Her på Frønningen, sa Kristoffer Clausen at han var villmann for eitt år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Var jamnleg i kontakt

Han fortel at Clausen kom i august og tok til å rigge leir. Vidare hadde dei to sporadisk kontakt i vekene fram mot jakta. Clausen skal ha vore nokre veker på reinsdyrjakt i Lærdalsfjella i september, før han tok til med hjortejakt på Frønningen.

Rumohr og Clausen hadde jamnleg kontakt, mest på telefon.
– Vi treftest av og til i skogen, men elles var det mest på telefon. Ofte fleire gonger i veka, seier Rumohr.

- Ser ikkje på telefon kor oppringjar er

Han medgir at Clausen sjølvsagt kan ha vore ein annan stad når dei samtalte per telefon.
– Teoretisk kan han vel det. Du kan ikkje sjå på telefon kor oppringjaren er. Eg har ikkje skrive ned kva periodar eg trefte han, så slik sett kan det ha skjedd. Men eg hadde ingen mistanke om at Clausen ikkje var i skogen på Frønningen, seier Rumohr.

Han legg ikkje skjul på at han kjenner seg lurt.
– Dersom opplysningane om dette stemmer, så kjenner eg meg lurt, ja.

Aasheim er skuffa

Den erfarne ekspedisjonsleiaren og eventyraren Stein P. Aasheim er i full gang med å gjere seg klar til sin neste ekspedisjon der han skal gå på ski til Sydpolen, blant anna saman med Vegard Ulvang.

Han kan mest ikkje tru det han høyrer når han får høyre om Clausen sin villmarksbløff.

Han har «driti på draget». Det er ikkje så mykje anna å seie, seier Aasheim til nrk.no, og legg ikkje skjul på at han er skuffa over å høyre det.

– Klart eg vart skuffa. Dette er ein skrudd konsekvens av den verda vi lever i. Du oppdagar at dersom du går ut og slit, og når eit krevjande mål og lever litt farleg, så kan du komme tilbake og snakke om det. Tene pengar på det og bli berømt. Når pengane og merksemda går deg til hovudet, kan det skje farlege ting. Også blant eventyrarar og jegerar, seier Aasheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stein P. Aasheim

OPPRØRT: Stein P. Aasheim har lite sansen for eventyrarar som lyg om fakta.

Foto: handout

Livnærer seg på føredrag og bøker

Aasheim livnærer seg på å halde føredrag og skrive bøker om ekspedisjonane sine. Han er kjend frå fleire ekspedisjonar i Himalaya. Blant anna var han med på Trango-ekspedisjonen i 1984, der han mista to av sine beste kameratar.

Aasheim var også med på den første norske ekspedisjonen til Mount Everest i 1985, han har vore på mange skiturar på Svalbard, Grønland, Sibir og Gobi.

Saman med familien, levde han saman med familien eitt år på Austfjordneset på Svalbard i 2003 i vinterisolasjon.

– Finst alltid svarte får

–Trur du dette skadar truverdet til andre eventyrarar?

– Denne type menneske vil alltid dukke opp innan alle fagområde og felt. Folk let seg lure. Idrettsfolk dopar seg utan at vi veit det, seier Aasheim, og legg til at det er vanskeleg å unngå eitt og anna svart får.

– Men eg tykkjer det blir litt voldsomt å stille spørsmål ved alle som tykkjer det er ei stor oppleving å vere ute i naturen, jakte, fiske og glede seg over det, og som har glede av å formidle det når dei kjem heim etterpå, seier Aasheim.

Stiller spørsmål ved motivasjonen

Men han legg ikkje skjul på at han innimellom er uroa over rekrutteringa til eventyrbransjen.

– Eg får innimellom spørsmål frå unge folk som vil gjere spennande ting og som lurer på kva som ikkje er gjort, og kva dei kan gjere for å bli berømte. Det er ein heilt feil inngangsvinkel, understrekar Aasheim.

Han har over lengre har stilt spørsmål ved motivasjonen til mange som prøver å leve av risikosport eller ekstremt friluftsliv.

– Når eksponeringa blir viktigare enn opplevinga i seg sjølv, så er det grunn til å tenkje seg om og rope eit lite varsku, seier Aasheim.