Sjå fleire bilete frå brannen i Hyllestad
Dei skal hjelpe til i etterforskinga av husbrannen der ein person i 30-åra framleis er sakna. (Sjå "Mann sakna etter Hyllestad-brann".)
Kripos i arbeid på åstaden. MMS-foto: Janne-Marit Myklebust
Eit bustadhus brann ned til grunnen i Åfjorddalen i Hyllestad tysdag kveld, og politiet er usikre på lagnaden til mannen som budde i huset.
Uvisse
- Vi har fått informasjon som gjer at vi ikkje kan utelukke at mannen var i huset då det brann, seier Rolf Aamot som er lensmann i Hyllestad. - Men vi må òg operere ut frå at han ikkje er i huset, men at han er ein annan stad og ikkje ønskjer kontakt med omverda, seier Hyllestad-lensmannen.
- Kor vanskeleg er det å finne brannårsaka? - Brannårsaka er alltid vanskeleg å finne, om ein ikkje har ein nesten intakt åstad. Det er vanskeleg å seie kor lang tid det vil ta, men vi håpar å ha meir informasjon i løpet av dagen, seier Aamot.
På grunn av sterk varme og røykutvikling har teknisk etterforsking på branntomta blitt utsett til i dag.