Til no har kommunane i fylket sagt ja til å ta imot 46 ekstra flyktningar frå Syria i år. Og 70 fleire neste år.
Mange viser til mangel på bustader for å seie nei til flyktningar. Fylkesleiaren i KrF er oppgitt.
- Les meir: Semje om Syria-flyktningar
– Det er trist. Fordi det viser at vi er blitt oss sjølve nok. Det er ikkje bra for det norske folk at vi er blitt så sjølvopptekne, seier Trude Brosvik.
Borgarkrig
Fleirtalet på Stortinget vart i går samde om korleis ein skal ta imot flyktningar frå Syria dei kommande åra. For følgjene av den over fire år lange borgarkrigen i landet er katastrofale.
- Les også: – Eit mageplask for Arbeidarpartiet
Konflikten mellom president Assads regime og fleire opprørsgrupper har kosta 320 000 menneskeliv. Fire millionar er drivne på flukt. Flyktningar bur i leirar i nabolanda, men mange tek seg over Middelhavet til Europa. FN oppmodar Europa til å både hjelpe i Syria, og å ta imot flyktningar.
– Mi oppmoding til kommunane er å prøve å ta imot fleire enn dei hadde tenkt. Dette er ein dugnad i den største flyktningkatastrofen som verda har hatt på lenge, seier Brosvik.
Kritisk til Frp
Brosvik meiner kommunane burde ta imot fleire flyktningar. Ho er spesielt kritisk til Frp som trekte seg frå forhandlingane.
– Det hadde stått meir respekt av Framstegspartiet at dei trekte seg, dersom dei verkeleg meinte at dei skulle hjelpe folk i nærområdet og var villige til å bla opp det som det kostar å ta imot desse flyktningane i Norge, seier ho.
Fylkesleiar i Framstegspartiet, Lars Svein Drabløs, er ikkje overraska over kritikken frå Brosvik, men den er tøvete. Han vil hjelpe flyktningane i nærområdet.
– Må ha litt realisme
– Her må vi ha litt realisme i det vi snakkar om. Vi har over 5 000 sitjande i mottak som ventar på integrering. Skal vi då ta inn 10 000, slik Trude Brosvik vil, så blir det frykteleg krevjande, seier Drabløs.
- Les også: – Norge er klar for å ta ansvar
– Her er det ei enorm flyktningkatastrofe i Europa sitt nærområdet, og Norge er eitt av verdas rikaste land. Skal vi då stengje døra? Er ikkje dette rein egoisme?
– Nei det er ikkje det. Eg meiner det er mykje betre å hjelpe folk i nærområdet enn å ta nokre tusen hit til Norge.