Hopp til innhold

KrF krev rusomsorg på plass no

- Vi kan ikkje ha ei regjering som vurderer gratis heroin til rusmisbrukarar, men som ikkje løyver midlar til behandlingstilbod.

Trude Brosvik

Leiar Trude Brosvik på fylkesårsmøtet på Skei i dag.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik, er sterkt uroa over signala om at rusbehandlinga på Eid ikkje vert sett i drift hausten 2009 på grunn av pengemangel i Helse Førde.

- Dette er ei ny avdeling som skal byggast opp, og det er viktig å få på plass fagfolka snarast, seier Brosvik.

Torsdag sa helseminister Bjarne Håkon Hansen at han var nøgd med rusplanen til Helse Førde . No krev fylkespartiet til KrF i fylket at Helse Vest og helseministeren kjem på banen med pengar til tilbodet.

- Dette er ei viktig pasientgruppe, og både dei og familiane deira har venta lenge nok på å få eit helsetilbod i fylket. Dette er ikkje dei som står på barrikadane, difor bør samfunnet ta ansvar for å få på plass ei lova og etterlengta behandling snarast.

Les, sjå og høyr russerien "Å leve med rus" her