Hopp til innhold

Krevjande forhandlingar

Forhandlingane mellom dei tre fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland dreg langt uti kveldstimane. Dei prøvar å bli samde om korleis eit nytt vestlandsfylke skal sjå ut, og kva funksjonar som skal liggje kor. – Det er krevjande forhandlingar, og det går mykje opp og ned, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling. Rogaland har varsla at deira krav er at alle dei ulike utvala og fagmiljøa vert plasserte i Stavanger. Det er eit krav som det er umogleg å innfri, seier Følling.

Jenny Følling i korridorane på Sunnfjord Hotell
Foto: Aleksander Åsnes / NRK