Regionrådet meiner Helse Vest må undersøkje konsekvensane av å leggje ned fødeavdelinga og opprette ei fødestove. Leiar i regionrådet, Olav Wendelbo, meiner Helse Førde ikkje har vurdert konsekvensane av det vedtaket dei har fatta.
Og administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest har i dag kome med si tilråding om korleis akuttfunksjonane og fødetilbodet skal vere. Hans tilråding til styret i Helse Vest er ganske enkelt å slutte seg til det Helse Førde føreslo. Det inneber mellom anna å legge ned somatisk aktivitet i Florø, og gjere fødeavdelinga i Lærdal om til forsterka fødestove.