NRK Meny
Normal

Krev tydeleg svar frå regjeringa

– Det er ikkje bra nok, seier stortingsrepresentant Christian Bjørnø Tynning (Ap) om dei to månadane tilsette ved Fiskeridirektoratet i Måløy har lagt bak seg.

Sonja Mandt og Christian Tynning Bjørnø (Ap) vitja Vågsøy

SVAR: Sonja Mandt (f.v.) og Christian Tynning Bjørnø (begge Ap) meiner tida er overmoden for at regjeringa no bestemmer seg for kva som skal skje med Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Måløy. Her saman med Kristin Maurstad (Vågsøy Ap).

Foto: Silje Guddal / NRK

Tynning vitja i dag Måløy saman med partifelle og stortingsrepresentant Sonja Mandt.

Snart to månader har gått sidan framlegget om å flytte regionkontoret til Bergen. Så vart det stilt.

– Ein får ganske ulne svar når ein spør og no må ein berre krevje tydelegare svar på kva som faktisk kjem til å skje, seier han.

26 arbeidsplassar

I dag har 26 personar arbeidsplassen sin ved regionkontoret i Vågsøy, men fiskeridirektør Liv Holmefjord ynskjer å flytte kontoret til Bergen.

I februar åtvara lokallaget i Høgre fiskeriminister Elisabeth Aspaker mot flyttinga. Det er førebels uvisst når ministeren fattar endeleg vedtak.

– Det er ikkje bra nok når det er snakk om arbeidsplassar som er så viktige, og har så stor betydning for Måløy. Eg trur det er viktig at vi held fram å presse statsråden for svar, seier Tynning.

Kollega Mandt tykte det var eit sterkt møte med det nedleggingstrua kontoret i Vågsøy.

– Det gjer inntrykk. Så er dei veldig gode på å argumentere for kvifor dei er viktige. Ikkje berre fordi at arbeidsplassen skal ligge her, men også ut frå betydninga for næringa, seier ho.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast