Hopp til innhold

Flytta heim med ungane – no kan jobben bli flytta til Bergen

Familien Humborstad i Måløy er redd dei vert pressa til å flytte frå kystbyen om fleire arbeidsplassar vert sentralisert.

Omfattande sentralisering er på gong i Sogn og Fjordane, trass i at fylket kan vise til landets beste skuleresultat, låg kriminalitet, høg levealder og låg arbeidsløyse.

SJÅ TV-SAKA: Omfattande sentralisering er på gong i Sogn og Fjordane, trass i at fylket kan vise til landets beste skuleresultat, låg kriminalitet, høg levealder og låg arbeidsløyse. FOTO/REDIGERING: Ole Andre Rekkedal / Arne Stubhaug.

Ole Petter Humborstad

LIKAR SEG I MÅLØY: Ole Petter Humborstad, rådgjevar i Fiskeridirektoratet.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Mange arbeidsplassar er i ferd med å forsvinne i Sogn og Fjordane, noko som skapar uro og debatt. Draumen om livet i Nordfjord fekk Ole Petter Humborstad og familien til å flytte frå Oslo til Måløy.

Her kan borna uansett rekne med å gå på nokre av dei beste skulane i landet.

– Det er ein av grunnane til at vi valde å flytte hit. Samt tilgang på besteforeldre, familie og tryggleik for ungane våre, seier Humborstad som er rådgjevar hjå Fiskeridirektoratet.

Men som tilsett i Fiskeridirektoratet i Måløy må han kjempe for framtida si. Dei kan nemleg få jobben sin flytta til Bergen.

– Det er her veksten kjem

Fiskeridirektøren vil nedgradere regionkontoret til fiskerikontor, og flytte vekk leiaroppgåvene. Liknande framlegg er aktuelle for statlege etatar over heile landet.

– Skal Fiskeridirektoratet lukkast med at Noreg skal bli verdas fremste sjømatnasjon, så meiner eg at Noreg er heilt avhengig av at plassar som Måløy lukkast. Det er her veksten skal kome, seier Humborstad.

Familien Humborstad bur rett ved ei av landets viktigaste fiskerihamner.

Randi Paulsen jobbar med næringsutvikling, og fryktar dei styrande ikkje ser moglegheitene utanfor byane.

– For oss som bur her så er det jo litt trist. Vi trivst godt her og ser alle fordelane med å bu her. Så det synd ikkje alle ser potensialet til fylket.

Framleis er Sogn og Fjordane i landstoppen innan velferd og levekår: (Saka held fram under)

Sogn og Fjordane er best

BEST: Fylket kan vise til gode skuleresultat, god helse, låg kriminalitet, lang levealder og låg arbeidsløyse.

Foto: grafikk

Skremmande utvikling

– Det er skremmande å sjå utviklinga der statlege arbeidsplassar i fylket vårt vert sentralisert, seier Kari Silden Tytingvåg, fyrsteinspektør i Fiskeridirektoratet.

Sentraliseringsforslaga som vekkjer bråk er mange: (Saka held fram under)

Sentralisering i Sogn og Fjordane

SENTRALISERT: Fiskeridirektoratet i Måløy, Skatt Vest i Eid, politidistriktet og alarmsentralen i Florø, samanslåing av Høgskulen i Sogndal og store offentlege arbeidsgjevarar i Leikanger er no utsette.

Foto: grafikk

Men regjeringa er ikkje samd i kritikken om sentralisering.

Jardar Jensen

REFORMENE KJEM: Jardar Jensen, Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Desse reformene kjem. Vi har gått til val på at vi skal gjere ein del reformer for å styrke tenestetilbodet til innbyggjarane i dag og i framtida. Då må vi ta det som utgangspunkt og ikkje seie at dette vil vi ikkje ha, men heller spør kva skal vi gjere for å få vår rettmessig del av dette.