Av Synnøve Aasland og Kjell Arvid Stølen
Traileren det brann i. Foto: Cosmin Cosma
Det var snarrådig innsats frå mannskapet på ferja som hindra full brann i den britiskregistrerte traileren lasta med teknisk utstyr. Ved hjelp av pulverapparat frå ferja fekk mannskapet sløkt branntilløpet.
Finst ikkje sløkkeutstyr
Men hadde ikkje ferja akkurat lagt til kai ved Oppedal då brannen starta, kunne det gått langt verre. For på ferjekaien finst det ikkje sløkkingsutstyr. No meiner styrmannen det er på høg tid at ferjekaiane i fylket får slikt utstyr.
Vegvesenet vil plassere utstyr
Og distriktsvegsjef Oddvin Ylvisaker innser at dette er ein mangel ved ferjekaiane. Etter innspelet frå styrmannen vil vegvesenet no innan kort tid plassere sløkkingsutstyr i kvart av heishusa på ferjekaiane. Men desse vil berre vere tilgjengelege for mannskapet på ferjene.