– Vi høyrer retorikken i alle omorganiseringar i statlege etatar, at det skal vere større robustheit og nærare fagmiljø. Slikt gjer at vi i Selje opplev at den eine etaten etter den andre legg ned, og flyttar til Måløy. Skal vi ha det på same måten når det gjeld kommunesenter blir Selje tappa for kompetansearbeidsplassar, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF)
I føremiddag har Selje og Vågsøy vore i forhandlingar om ny storkommune på kysten. Forhandlingane er komne i stand etter at fylkesmann Anne Karin Hamre har kome med framlegg om å tvangsamanslå dei to kommunane.
- LES OGSÅ: Slik vil Fylkesmannen ha kommunekartet
– Radikalt nytt og spennande
Men forhandlingane stranda klokka 12 i dag, årsaka er at Selje krev å få kommunesenteret i den nye kommunen, med tenestefunksjonar lagt til Måløy. Vågsøy krev derimot kommunesenteret og nokre tenestefunksjonar lagt til Selje, seier ordføraren.
– No har vi moglegheit til å tenke radikalt nytt og spennande og demme opp for den sentraliseringa som skjer, seier Stein Robert Osdal.
- Vil ikkje kalle det brot
Medan Osdal seier det er brot i forhandlingane, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (AP) at ho ikkje er sikker på at ho vil kalle det for brot.
– Eg trur nok det er litt tungt å svelge for formannskapet at kommunesenteret skal ligge i Selje, men vi har respekt for Selje sitt syn, seier Maurstad.
Kristin Maurstad skal no møte formannskapet i ettermiddag, og drøfte vegen vidare.
– Vårt vedtak om å søke kommunesamanslåing handla om å styrke kysten, og bygge opp om ein av dei to kystbyane vi har i Sogn og Fjordane. Dette kan gjere prosessen noko vanskeleg.seier ho.
Må drøfte vegen vidare
Dei to ordførarane har no avslutta forhandlingane, som altså enda i havari. Spørsmålet er om lokalpolitikarane er viljuge til å fire på krava.
– No må vi tilbake til formannskap og kommunestyra våre som må diskutere vegen vidare, for slik det er no er det ikkje rom for vidare samtalar. seier Osdal.
– Om vi ikkje kjem fram til ein avtale, så får vi berre vente og sjå kva Stortinget eventuelt gjer neste sommar, seier Maurstad.