Prosjektleiar i Tall Ships Race, Helge Hjelle, meiner dette er eit ryddig krav frå dei folkevalde.
Fryktar pengesluk
I botnen av kravet om innsyn ligg angsten for at Tall Ships Race skal bli eit pengesluk for den fattige kommunen. Men med kravet om innsyn meiner politikarane at dei har skaffa seg kontroll. Etter planen skal Vågsøy ut med ein million kroner. Fem hundre tusen skal gå til å løne Helge Hjelle og ein sekretær.
Krev fleire kvinner
For det same kommunestyret vedtok at organisasjonskomiteen skal leiast av Helge Hjelle, men om Tall Ships Race Måløy skal bli eit aksjeselskap eller få ei anna form, er framleis uklart.
Kommunestyret krev også at organisasjonskomiteen må utvidast med to kvinner. I utgangspunktet var berre menn føreslått, men Oddlaug Osmundsvåg i Venstre fekk kommunestyret med seg i kravet om at også kvinner skal vere med i komiteen til Tall Ships Race.
Angrefrist til 2006
Om nokon skulle få kalde føter for Tall Ships Race i Måløy, er fristen 2006. Etter den tid er det ingen veg tilbake for det som blir kalla Sogn og Fjordane sitt OL-arrangement.