Hopp til innhold

Krev folkerøysting

Kommunestyret i Naustdal krev at det blir halde folkerøysting om ei samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Mot dei to røystene til Høgre, sa kommunestyret i dag at dei meiner at ei samanslåing vil få så store konsekvensar at det ikkje er nok med ei open høyring for å vite kva folk i fylket meiner.