Hopp til innhold

Krev fleire blålys og sirener

Frivillege krev at dei får meir utrykkingsutstyr når dei skal hjelpe til på ulukker. Elles er dei redd det kan skje alvorlege ulukker.

Thormod Wattum

Lensmann Tormod Hvattum krev at frivillege vert meir synlege i trafikken når dei er på veg til ulukker.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

- Vi må få politikarane til å innsjå at vi som bur på landsbygda og ikkje har fast brannordning må bli meir synlege i trafikken, seier Finn Melsæter i Vågsøy.

Kan hindre ulukker

Han var tidlegare brannmann, og meiner det er på tide at dette vert prioritert.

- Vert vi meir synlege i trafikken før det skjer alvorlege ulukker når nokon er på veg på utrykking, seier han.

Melsæter er ikkje aleine bak kravet.

Fleire tusen frivillege brannmenn, redningsfolk, legar og andre som rykkjer ut til ulukker i heile landet stiller seg bak kravet.

Krev meir utstyr

Bjørn Myklebust

Bjørn Myklebust var tidlegare brannmeister i Vågsøy. Han etterspurde meir utstyr til utrykking fleire gonger for at dei frivillege skulle vere meir synlege i trafikken.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Politiet har også kasta seg inn i kampen for meir utstyr.

Lensmann i Vågsøy Thormod Wattum seier han sjølv har opplevd å reise ut på utrykning utan å ha spesielle merker på bilen.

- Politiet fekk for nokre år tilbake i tid godkjendt privatbilar som utrykkingsbilar. Eg hadde fleire slike bilar, seier han.

Politiet veit at det føregår ulovleg køyring i forbindelse med at frivillige hjelpemannskap rykker ut med sivile og private bilar.

Må gjere utrykking lovleg

- Dette problemet har vi prøvd å sjå mellom fingrane på, men det kan vi ikkje lenger. Vi kan ikkje vere vitne til at det oppstår ei alvorleg ulukke under ei slik utrykking, seier politiet.

Politiet vil ha ein debatt om saka, for å gjere sivile bilar som vert nytta til slik bruk lovelege.

Melsæter seier han ofte har brukt sin eigen bil til utrykkingar. Då måtte han køyre med naudblinken på fordi han ikkje hadde anna utstyr på bilen. Og slik er det enno.

Slit i distrikta

Håkon Seim

Håkon Seim, skipper på Simrad Buholmen, krev at myndigheitene engasjerer seg i saka.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

- Eg gav alltid beskjed til politiet om at eg hadde hatt høagre fart enn fartsgrensa tillet, og eg kan ikkje hugse at eg vart bøtelagt nokon gong for det sjølv om det kunne gå skikkeleg fort om natta.

Det er spesielt i distrikta og då i bygder at dette er eit problem.

- Det vert fleire og fleire frivillege som deltek på utrykkingar, og vi må få dette over i lovelege former, seier lensmannsbetjent Kjetil Drange på Selje Lensmannskontor.

Prøvde å ta saka opp

Bjørn Myklebust er tidligare brannmeister i Vågsøy og seier han fleire gonger har teke saka opp med politikarane utan at noko har skjedd.

- Det vart søkt om løyve til å bruke roterande lysmarkeringar, blålys, og sirener for å få medtrafikantar til å bli merksame på at bilen som kom var på utrykking, seier han.

Han fekk innvilga dette på sin private bil, og nytta det då han var på veg til ei ulukke til dømes.

Og det er den personen som frivilleg deltek i ein redningsaksjon eller ved ulukker som er ansvarleg for utrykkinga si.

Belastande

Politiet meiner det er ei belastning å vere frivilleg.

- Adrenalinet stig og pulsen slår ekstra fort når alarmen går. Og fokuset er å klare å kome fram i tide til ulukka til dømes. Då er det vanskeleg å halde fokuset på anna trafikk og menneske rundt, seier politiet.

Kravet frå dei som deltek på frivilleg basis er at det kjem ei lovendring der resultatet er at dei vert meir synlege i trafikken i form av lys og lyd.

I Selje seier regelverket at dei som skal rykkje ut til brannstasjonen må vere innan ein radius på fem kilometer.

- Den dagen vi ikkje har søkjarar som er innanfor denne maksgrensa vil vi få eit problem med å rekruttere brannfolk, seier brannsjef i Steinar Hatlelid i Selje brannvesen.

Kunne avverga storbrann

Brannstasjon

Å vere frivilleg på utrykking kan bli ei belastning meiner politiet. Her er brannstasjonen i Vågsøy.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Men utrykking skjer ikkje berre til ulukker på vegane. Måløy sjøredningskorps er eit frivilleg redningskorps i Måløy der dei som går vakter deler på jobben. Men ikkje alle bur like i nærleiken av båten.

Håkon Seim, skipper på Simrad Buholmen, Han fortel om ei utrykking som ikkje vart heilt slik den skulle.

- Eg har seks kilometer å køyre til Måløy der båten ligg. På grunn av stor kø og trafikk i gate 1 i Måløy mista eg dyrebar tid. Det førte til at brannmannskapet måtte vente fleire minuttar på meg. Resultatet vart at brannen vi var på veg ut til tiltok i styrke. Dette meiner eg vi kunne avverga om eg hadde vore meir synleg i trafikken på veg ut til båten, seier Seim.