Det auka talet på bilbergingar over Filefjell er bevis på at mange utanlandske vogntogførarar er for dårleg skodde, meiner Rønningen, og etterlyser at vegvesenet skjerpar kontrollen.
For dårlege dekk
Transportsjef har sett seg lei på at vogntogførarar med alt for dårlege dekk slepp inn i landet. Ofte viser dette seg å vere austeuropeiske førarar. Problemet er at desse vogntoga ofte er så dårleg skodde for det norske vinterføre at ferda endar i grøfta. Særleg over Filefjell har dette vore eit problem. Rønningen meiner det må bli strengare kontroll ved grensa.
Etterlyser betre kunnskap
Han seier òg at austeuropeiske førarar må få betre kunnskap om føret her i landet. For dårleg kunnskap kan få store konsekvensar viss det får halde fram.
Skjerpar kontrollen
Distriktssjef i Statens vegvesen i Vest-Oppland, Arild Evensen, seier dei stiller like strenge krav til utlandske vogntogførarar som til norske. Men sjølv om dei utfører fleire kontrollar i veka, er det vanskeleg å stoppe alle. Evensen seier at vegevesenet no vil skal skjerpe kontrollen.