Hopp til innhold

Krev 725.000 kroner i erstatning frå tiltalt sjåfør

Den tiltalte svenske bussjåføren blir kravd for 725.000 kroner i erstatning etter bussulukka ved Fardal i Sogndal.

Bistandsadvokatane Odd Harald Hovde og Erik Slotterøy

KREV ERSTATNING: Odd Harald Hovde (t.v.) og Erik Slotterøy har representert dei omkomne og skadde etter trafikkulukka i Fardal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Familiane til dei to omkomne i Fardal-ulukka, samt dei to hardt skadde taiwanske turistane, krev totalt 725.000 kroner i erstatning frå den tiltalte svenske føraren.

Forsvarar Geir J. Kruge hadde allereie då bede retten frifinne den 55 år gamle statsborgaren både for straff- og erstatningsansvar.

– Det er eit meiningslaust lite pengebelølp, for noko uerstatteleg som er borte, sa Erik Slotterøy under prosedyren fredag.

Mindre beviskrav

Advokaten representerer dei pårørande til den taiwanske kvinna som omkom, samt dei to hardt skadde passasjerane. Samtlege var om bord i den svenske turbussen, på ferie i Norge.

I den norske rutebussen omkom ei ung norsk kvinne. Slotterøy minna retten om at det ved erstatningsspørsmålet i straffesaker, er ikkje sterkt som ved ei straffeutmåling. Han støtta seg bak aktor sin prosedyre om skuldspørsmålet.

– Tiltalte i saka er bussførar. Dersom ein er aktlaus, så er det stor risiko for at det skjer ei ulukke. Skjer det ei ulukke, så er det stor fare for at det kan bli alvorleg skade, sa Slotterøy, og la til at det ikkje har kome fram tekniske bevis eller andre forhold som kan ha påverka føraren.

Kravde 325.000

– Det er utvist grov aktløyse, sa han og kravde opptil 125.000 kroner i erstatning til den omkomne sin far.

– Det er ei normert form for erstatning for pårørande, sa Slotterøy.

Den taiwanske mor og dotter vart frakta direkte til Haukeland etter ulukka. Mora har i dag ansiktslammelse og tåkesyn, medan jenta har ein hovudskade.

– Dei vil ha behov for langvarig behandling i framtida, sa Slotterøy og kravde opp til 100.000 kroner i erstatning for dei to skadde.

– Kravet sat langt inne

Advokat Odd Harald Hovde sa erstatningskravet ligg langt inne hos familien til den omkomne då han la ned påstand om inntil 200.000 kroner for kvar av foreldrene.

– Det kan virke usmakeleg å krevje erstatning for at du mister ein av dine kjære, sa Hovde. Som Slotterøy stilte Hovde seg bak aktor sin prosedyre og bevisa i saka.

– Eg har respekt for forsvaret sine anførslar, men føler for å knytte kommentarer der. 20 centimeter klaring er smalt blir det sagt. Godt mogleg det, men no er det slik at vegstandarden i Norge er der, sa advokaten og la til:

– For ein erfaren sjåfør er 20 centimeter rikeleg plass, sa Hovde.

Unødvendig tvil

Forsvarar Geir J. Kruge

FORSVARET: Geir J. Kruge (t.v.) saman med sin rettslege medhjelpar, Jens Thomas Tommesen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Bistandsadvokaten reagerte på at forsvarer Kruge spekulerte i om den omkomne 24-åringen kunne overlevd om ho brukte bilbelte, og meinte at denne tvilen burde komme tiltalte til gode. Havarikommisjonen sa at det ikkje ville hatt noko å seie for utfallet.

– Det skal vere unødvendig å trekkje slikt i tvil, sa Hovde og utfordra Kruge på å anten begrunne dette eller å trekkje spekulasjonen.

Forsvarar viste til at bilbeltebruk blir tema i ein venta rapport, og at det også var nytta blant dei taiwanske reisande.

Ikkje tilbake i jobb

Kruge meinte det låg føre lite bevis på kva skade og lidingar dei fornærma var påførde som følgje av ulukka. Både Hovde og Slotterøy reagerte sterkt på dette.

Forsvarar presiserte at uttalen gjaldt dei taiwanske turistane, og at dei først torsdag fekk sjå uttalar frå legane.

Hovde la til grunn den sorg og tap som familien er påført og kravde. Begge foreldrene er framleis ikkje tilbake i jobb.

– Det påverkar heile familiesituasjonen. Foreldra sit att med redsel for at borna dei har hatt skal komme ut for noko. Ulukka overskyggar alle familietreff og telefonsamtalar. Eg håpar saka medverkar til at dei kan halde fram med livet, sa Hovde.

Dom er venta i midten av mai.