Hopp til innhold

Krev 30 nye fengselsplassar i Vik

Sogn og Fjordane Venstre krev 30 nye soningsplassar til Vik fengsel. Med eit Venstre på vippen i Stortinget trur Sveinung Rotevatn at kravet kan bli ein realitet.

Vik fengsel

39 PLASSAR: Vik fengsel bør utvidast til 69 plassar, meiner Venstre.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Då Odd Einar Dørum var justisminister frå Venstre, hadde han ei tydeleg satsing på Vik fengsel og bygde ut. Eg meiner at når ein no skal i gang med nye rundar med bygging av fengsels plassar, så bør Vik stå langt framme i køen.

Det seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn etter Sogn og Fjordane Venstre sitt fylkesårsmøte på Sandane i helga.

– Fantastisk for Vik

Lange soningskøar i landet, gjer at det er behov for fleire fengselsplassar og regjeringa har lova ei storstila utbygging.

På fylkesårsmøtet i regjeringa sitt samarbeidsparti Venstre, fekk partiet sin einaste utsending frå Vik, lokallagsleiar Morten Holmerg, møtelyden med seg på eit samla krav om nye fengselsplassar til fylket.

Morten Holmberg

FEKK MED SEG ÅRSMØTET: Lokallagsleiar Morten Holmberg i Vik Venstre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er både god justis- og distriktspolitikk å leggje det til Vik, seier Holmberg.

Han meiner det har mykje å seie at dei 50 årsmøtedelegatane støtte opp om kravet.

– Det er berre heilt fantastisk for Vik Venstre og det er fantastisk for vikjasamfunnet. No kan Sveinung reise til Stortinget med dette vedtaket i kofferten, der han har heile fylkesårsmøtet i ryggen. Han kan kjempe for denne saka i trygg forvissing om at det kan bli ein realitet, når Venstre ligg på vippen.

Rotevatn ventar lydhøyr regjering

– Kvifor er det naturleg at det Vik fengsel som skal ha 30 nye plassar?

– Her har ein fagmiljø og kompetanse. Ein har sett at det som ein har etablert tidlegare har fungert. Ein utvida fengselet med suksess. Her kan ein gå vidare på den suksessen, seier lokallagsleiaren frå kommunen med fylkets einaste fengsel.

Sveinung Rotevatn

TRUR PÅ GJENNOMSLAG: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vik fengsel har vore i drift sidan 1864 og har i dag 39 plassar. Etter mange år som såkalla lågtryggleiks-fengsel, ofte med fangar med promilledomar, har ein no 28 plassar med høgt tryggleiksnivå, og 11 med lågt tryggleiksnivå.

Mangel på varetektsplassar gjer at politiet stadig må setje fri personar som tingrettane eigentleg vil ha fengsla. Det skjedde seinast i Bergen i førre veke.

No krev altså Venstre 30 nye. Og stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn har tru på gjennomslag.

– Eg trur kravet frå Venstre i Sogn og Fjordane viktig. Vi sit på vippen i Stortinget, og dannar fleirtal med regjeringa i mange viktige og store saker. Justispolitikken er eit slikt felt. Eg forventar at regjeringa lyttar til krava frå Venstre når det gjeld kvar ein skal bygge ut fleire soningsplassar. Frå Sogn og Fjordane sitt syn, er Vik staden vi skal satse på, seier Rotevatn til NRK.no.